Både redaksjonen og marknadsavdelinga er representert på stand for Avisa Nordhordland under julegateopning i Knarvik senter fredag kveld.

– Vi ønsker å vere tilstades der det skjer, og vere tett på lesarane og annonsørane våre. Vi håper mange vil slå av ein prat med oss, seier redaktør Trond Roger Nydal.

Her kan du bli betre kjent med oss og produktet.

– Vi deler ut gratis aviser så langt det rekk, og tar gjerne i mot tips, meiningar, ros og kritikk. Skal vi bli ei betre og viktigare lokalavis for nordhordlendingane er det viktig å møte lesarane våre og få ærlege og direkte tilbakemeldingar, seier Nydal.

Nh-redaktøren kan også love eit knalltilbod til nye abonnentar. 

– For kun 149 kroner får du papiravisa og digitalt abonnement fram til påske! Vi har også eit skikkeleg juletilbod på eittårsabonnement for 699 kr. Dette må jo vere årets julegåvetips for alle generasjonar, seier ein 100 prosent innhabil Nydal.

Har du ikkje anledning til å møte oss på stand i kveld, men ønsker å teikne abonnement til tilbodsprisane 699 kr eller 149 kr? Send epost til annonse@nordhordland.no.  

For dei som ønsker viser vi gjerne vår eavis og gir hjelp til å opprette digital tilgang dersom du allereie er abonnent.

Eit abonnement inkluderer full digital tilgang. Du kan dermed lese oss kvar du vil og når du vil. Som digital abonnement kan du også lese heile papiravisa digitalt allereie tysdag og fredag kveld klokka 21.