«Det var eit kraftfelt rundt Bernt Tungodden»

Bernt Tungodden med avis og kaffikoppen. Nh-grunnleggjaren blei aldri mett på kunnskap og var lidenskapeleg opptatt av å formidle den, som skulemann og aviseigar.

Bernt Tungodden med avis og kaffikoppen. Nh-grunnleggjaren blei aldri mett på kunnskap og var lidenskapeleg opptatt av å formidle den, som skulemann og aviseigar. Foto:

Av

Tidlegare Nh-redaktør Oddbjørn Rosnes har skrive minneord om Bernt Tungodden.

DEL

MINNEORD: Det var eit kraftfelt rundt Bernt Tungodden. Me gjekk frå eit møte med han med ny inspirasjon, tiltakslyst – og alltid eit lite knippe idear han hadde sådd i oss.

For oss som arbeidde i avisa Nordhordland den tid han var styreleiar der, var han både ven og sjef. Streng, han likte orden og visste som suling verdien av å «ro i same båt». Slikt kunne me lika. Stundom påståeleg, men samstundes alltid open for andre sine tankar. Han var midt mellom oss med ein smittande energi, sjølv om besøka i avisa alltid kom på kveldstid etter ein lang og krevjande arbeidsdag annan stads. Full av idear – ein skulle vera lett på foten og rask i hovudet for å snappa opp og følgja med når Bernt sleppte fantasien laus. Men det var alltid noko konkret og handfast i ideane. Bernt Tungodden ville sjå resultat.

Bernt var den eine av tre som starta Avisa Nordhordland, for snart eit halvt hundreår sidan. Dei var alle i si manndoms kraft, hadde bakgrunn frå skule og undervisning, og hadde mål om å skapa noko nytt som kunne hjelpa til med framvoksteren i det lokalsamfunnet dei tilhøyrde eller kom frå. Og på same tid ta vare på det beste i det samfunnet som det nye bygde på.

Å få på beina ei ny verksemd krev alltid sitt. Stride dagar og tunge tak var det sikkert mange av. Seine kveldar, helger. Men aldri høyrde me Bernt Tungodden klaga og syta. Eit problem var noko ein skulle løysa, verta ferdig med. Så i gang att med det byggjande arbeidet.

Krevjande, ja. Slik ein leiar må og skal vera. Men på same tid støttande og hjelpsam, full av omsorg og omtanke når det kunne røyna på for nokon av oss som hadde arbeidsplassen vår i avisa. På det faglege og like mykje på det personlege plan.

Feilfri? Nei, kven er vel det. Og ikkje alltid gjekk det slik vona hadde vore. Då var det kanskje godt å ha barndomen og oppveksten på eit karrig gardsbruk ved den verharde Sognesjøen, der strev og glede alltid følgdest åt. Bernt Tungodden gløymde aldri kvar han kom frå og kven han var.

Eg veit at interessa for avisa var like sterk til hans dagars ende, sjølv om det no var lenge sidan han hadde gitt frå seg ansvaret. Eg trur sanneleg han las kvar line i kvar utgåve. Frå førstesida til den minste rubrikkannonse.

Og sameleis med oss som hadde arbeidd der i hans tid. Ein samtale med Bernt inneheldt alltid desse spørsmåla frå han: «Korleis går det med deg?» og «Korleis går det med familien, med borna?» Og det var vel kjernen i livet til Bernt Tungodden: Interesse for og omsut for menneska han møtte på sin veg.

Me er mange som er takksame for at me fekk læra Bernt Tungodden å kjenna.

- Oddbjørn Rosnes -

redaktør Avisa Nordhordland (1978 - 1985 og 1988 - 1991)

Artikkeltags