Avisa Nordhordland med abonnementvekst: – Svært gledeleg, dette må vi feire!

Avisa Nordhordland opplever abonnementvekst. Sidan hausten 2015 har avisa fått over 1100 digitale abonnentar. Det gir også auke i opplaget. – Svært gledeleg, dette må vi feire, seier Nh-redaktør Trond Roger Nydal.

Avisa Nordhordland opplever abonnementvekst. Sidan hausten 2015 har avisa fått over 1100 digitale abonnentar. Det gir også auke i opplaget. – Svært gledeleg, dette må vi feire, seier Nh-redaktør Trond Roger Nydal. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Svært gledeleg, dette må vi feire, seier Nh-redaktør Trond Roger Nydal.

DEL

Hausten 2015 innførte Avisa Nordhordland betaling på nett. Det har vist seg å vere ein stor suksess, for sidan då har nye digitale abonnentar strøymt til avisa.

– Vi har no over 1100 digitale abonnentar og er svært takknemleg for kvar einaste ny abonnent som vel oss. Vi gjer vårt beste kvar einaste dag for at både nye og eksisterande abonnentar skal vere fornøgd med produkta våre, seier redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal.

– Patriotisk og konstruktiv

Nydal fortel at avisa då han tok over i 2015 stod ved eit kritisk punkt etter fleire år på rad med fallande opplag og underskot på drifta.

– Vi var heilt avhengig av å snu trenden raskt og få nye abonnentar. At vi har lykkast med betaling for journalistikken digitalt er heilt avgjerande for at vi er der vi er i dag, og for at vi skal kunne halde fram den positive utviklinga av avisa, seier Nydal.

– Målet vårt er at Avisa Nordhordland skal vere ei patriotisk og konstruktiv drivkraft med mål om å gjere Nordhordland-regionen til ein betre stad å bu og leve, jobbe og drive næring i, seier Nydal.

Avisa Nordhordland er 100 prosent eigd av Amediastiftinga som har lokalaviser landet rundt. Nydal fortel at lokalavisene i Amedia har opplevd ein ny vår.

– Eg er veldig glad for at avisa er eigd av ei stifting som ikkje skal tene mest mogleg pengar på avisene og at konsernet sentralt er så fokusert på å utvikle lokalavisene. Vi er ei av 63 lokalaviser landet rundt og så godt som samtlege opplever no digital vekst og auka opplag. At vi har eit slikt konsern i ryggen, som er opptatt av lokalavisjournalistikk, er ein stor fordel i dagens medielandskap, seier Nydal.

– Skal vere førsteval

Tysdag offentleggjorde Medibedriftens Landsforening (MBL) nye opplagstal for alle landets medier for første halvår etter ein ny berekningsmetode. Den viser at Avisa Nordhordland no har eit samla opplag på 4735, det er ein vekst på 278 eksemplar sidan forrige måling.

– Den nye metoden er ikkje direkte samanliknbar med den forrige, men vi har eit høgare opplag no enn ved forrige måling. Det er fordi vi no får uttelling på dei digitale abonnentane, forklarer Nydal.

– Vår ambisjon er at alle i Nordhordland og Gulen skal ha Avisa Nordhordland som sitt førsteval. For å klare det må vi sørge for å vere relevante for folk og levere det abonnentane vil ha, seier Nydal.

Og i Nordhordland-regionen skortar det ikkje på saker og gripe fatt i.

– Det skjer svært mykje spennande på ei rekke samfunnsområde, og eg føler meg privilegert som får lov til å vere redaktør og spegle dette i avisa. Så seint som måndag kveld var det E39 som stod på agendaen på eit møte i regi Nordhordland Næringslag og Nordhordland Rotaryklubb. E39 er ei viktig sak der avisa har tatt eit tydeleg standpunkt og kjempar for ny trasé, fortel Nydal.

– Styrka i trua

Yngve Garen Svardal er journalist og leiar for redaksjonsklubben i Avisa Nordhordland.

– Det er kjekt å sjå at den digitale satsinga vår ber frukter og at me stadig veks i talet på abonnentar. Redaksjonsklubben er stolte over at stadig fleire nordhordlendingar vil lesa det me skriv. Ein region med berre ei avis hadde vorte ein fattig region, og det faktum at me har hatt digital vekst i fleire år på rad, styrkar oss i trua på at dette er noko nordhordlendingane vil ha og treng, seier Garen Svardal.

– Me ser lyst på framtida og håpar at endå fleire nordhordlendingar vil lesa oss i tida frametter. Me lovar å prøva å vera fyrst og best på store og små hendingar i regionen.

Yngve Garen Svardal er journalist i Avisa Nordhordland og leiar av redaksjonsklubben.

Yngve Garen Svardal er journalist i Avisa Nordhordland og leiar av redaksjonsklubben. Foto:

– Stor applaus til dei tilsette

Trass i stor digital vekst understrekar Nydal at papiravisa framleis er viktig.

– Grovt rekna har framleis tre av fire abonnentar papiravis. Den vil vere viktig for oss i mange år enno, både som journalistisk produkt og marknadsføringskanal, vi prioriterer på ingen måte ned papiravisa. Vi må tenke som Ole Brumm og sei «ja takk begge deler», seier Nydal.

Resultata kjem imidlertid ikkje av seg sjølv. Dagens mediebransje er tøff, om ein er stor eller liten. Det er framleis omstilling og stadig behov for kompetansepåfyll.

– Heldigvis har avisa kjempededikerte tilsette i redaksjon og marknadsavdeling som har eit sterkt eigarskap til avisa og eigen arbeidsplass. Eg er heldig som får lov å leie ein stab med så flinke og dedikerte tilsette, og må berre gje stor applaus for jobben dei har gjort dei siste åra, seier Nydal.

– Eg må også få takke alle nye og trufaste abonnentar som tipsar som aldri før og viser eit stort engasjement. Utan alle der ute hadde ikkje denne veksten vore mogleg, understrekar Nh-redaktøren.

Går med overskot

Også økonmisk klarer Avisa Nordhordland seg bra om dagen, sjølv om lokalavisbransjen ikkje er lukrativ. Etter to år på rad med underskot i 2014 og 2015, er årsresultata etter skatt snudd til 1,1 millionar i overskot i 2016 og 900.000 i 2017 - pengar som i all hovudsak styrkar eigenkapitalen i bedrifta. Overskot blir det truleg også i 2018.

– Vi ligg an til overskot i tråd med budsjett, seier Nydal.

Med nær 1200 nye heildigitale abonnentar, opplagsvekst og overskot, meiner redaktøren det er tid for feiring.

– No skal vi finne ei anledning for å ha det litt kjekt i lag og så er det full gass vidare, seier Nydal.

Artikkeltags