Fire måtar du held deg oppdatert på i sommar

Sjølv om du er langt heimefrå, kan du følgje med på det som skjer i sommar.

Sjølv om du er langt heimefrå, kan du følgje med på det som skjer i sommar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Mens du er på ferie, skjer det framleis små og store saker her heime. Ingen grunn til å miste oversikta sjølv om pulsen er låg.

DEL

1. Nordhordland.no – sjølvsagt

Medan du har ferie, jobbar redaksjonen. Sommaren er berykta som tida for agurknyhende, men vi lover å følge opp dei store hendingane og alvorlege sakene også i sommar. Alle våre saker kjem først på nett.

Du vil halde deg aller best oppdatert om du også har tilgang til alle pluss-sakene våre. Dette er saker som er øyremerka abonnentar, og tilgangen er inkludert uansett kva for eit abonnement du har.

Du må berre registrere ein brukar, dersom du ikkje allereie har gjort det. (Sjansen er ganske stor, for over 3600 har no registrert sin brukar!)

Hugs at du også kan dele abonnementet med fleire i husstanden.

Les også: Slik får du tilgang til Nh+

2. Facebook

Kvar dag deler Avisa Nordhordland mange av våre artiklar på Facebook-sida vår. Over 8.700 likar oss allereie der.

Vi deler det meste på Facebook, men det kan framleis vere lurt å kike innom nordhordland.no direkte, men følger du oss på Facebook får du ei ekstra påminning.

Det vi deler på Facebook, finn du også på Twitter.

3. Papiravisa

Ja, den kjem jo sjølvsagt ut som vanleg, også i sommar. Og du kan til og med få den med deg på ferie! Ferieflytting og mellombels adresseendring melder du på «Mi side».

4. Eavisa

Likar du eigentleg best å lese papiravisa, men får ikkje tilgang på den medan du er på reisefot i ferien?

Rett nok kan ikkje teknologien gje deg trykksverte på fingrane, men elles får du det same produktet ved å lese den digitale utgåva. Den er tilgjengeleg frå klokka 21 kvelden før papirutgåva dumpar ned i postkassane.

Saman med eavisa til Avisa Nordhordland får du også tilgang til Amedias nasjonale nyheitsavis Rix.

På pc finn du eavisa ved å gå til denne sida, medan på telefon eller nettbrett må du laste ned appen «Nordhordland Digital Utgave».

God sommar!

Artikkeltags