Éin kunde er framleis straumlaus i Austrheim

Denne masta på Kårøy måtte gi tapt for vinden.

Denne masta på Kårøy måtte gi tapt for vinden. Foto:

BKK jobbar framleis på spreng etter at uvêret gjorde stor skade på søndag. Éin stakkars kunde er framleis straumlaus.

DEL

Søndag kveld mista ei rekke BKK-kundar straumen på grunn av uvêr.

På det meste var rundt 2500 utan straum, skriv BA.

Kombinasjonen våt snø, låge temperaturar førte til at nedbøren pakka seg rundt straumleidningar fleire stader. Dette resulterte i at master og leidningar gjekk i bakken.

Onsdag ettermiddag var det framleis éin fastbuande på Kårøy i Austrheim som ikkje har fått straumen tilbake.

– Det er berre å beklage, vi har full forståing for at denne situasjonen er krevjande for kunden, seier kommunikasjonsrådgivar Anne Mette Tuvin til BA. 

I tillegg er det 21 hytter i same område som er straumlause.

Ho seier at det er eit krevjande oppryddingsarbeid.

I Øygarden er det også problem. Ein pumpestasjon på Hjartøy og Alvheim fiskefarm er straumlause. I tillegg er det fleire kundar som får elektrisitet via aggregat inntil feila er retta.

– Her blir det blant anna brukt helikopter til å frakte utstyr til de ramma områda. Det er omfattande arbeid.

Artikkeltags