Tre personar sende til Haukeland sjukehus etter trafikkulykke

Full utrykking etter ulykke med tre personar fastklemde.

Full utrykking etter ulykke med tre personar fastklemde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Bil med tre personar køyrde av vegen i Austrheim. Ein send med luftambulanse, og to med ambulanse til Haukeland.

DEL

Klokka 14.17 tysdag ettermiddag melde politiet i Hordaland om ei trafikkulykke i Litlelindås i Austrheim.

Naudetatane rykte ut. Ein bil har køyrd utfor vegen på fylkesveg 565. 

Klokka 14.20 melde 110-sentralen om at brannvesen var framme på staden. Tre personar var då fastklemde.

– Det skal vere tre personar i bilen. Vi har hatt kontakt med dei via telefon. Dei kjem seg ikkje ut av bilen, då dei har gått rundt og ligg på taket, opplyste Stig Tetler, vaktkommandør ved 110-sentralen til BA like etter at ulykka skjedde.

Fekk frigjort alle

Klokka 14.27 opplyste 110-sentralen om at to personar var ute av køyretøyet, og at dei då jobba med å få ut den tredje. Ambulanse var då på staden. 

– Det verka som om alle tre er oppegåande. Vi har kontakt og snakkar med dei.  Dei to som har komme seg ut av bilen blir tatt hand om at ambulansepersonell, sa Tetler.

Klokka 14.40 var også den tredje personen frigjort frå bilen. Også luftambulanse var då på staden.

Ulykke Litlelindås

Ulykke Litlelindås Foto:

Sende til Haukeland

Det blei sendt bistand frå Radøy brannvesen.

– Tre ungdommar er involvert i ulykka. Den eldste er 19 år gammal, og dei to andre er 17 og 18 år, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt til BA.

– Dei to andre som ikkje blei fraktet med luftambulansen blir frakta til Haukeland med vanleg ambulanse, seier operasjonslederen.

Det skal ha vore forbipasserande som først kom til ulykkesstaden, og melde frå, ifølge politiet.

Ulykke Litlelindås

Ulykke Litlelindås Foto:

– Det er førebels ikkje mistanke om køyring i ruspåvirka tilstand. Det er uklart kva som har skjedd, men på eit eller anna vis har bilen hamna utanfor vegen, seier Geitle. 

Fv. 565 var open att kort tid etter ulykka, då bilen har hamna eit stykke utanfor vegen.

Like før klokka 1600 var det framleis stilleståande kø i området etter ulykka. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken