To tjuveri av påhengsmotorar på to døgn

Kartutsnitt frå Norgeskart.no

Kartutsnitt frå Norgeskart.no

Av

Politiet fryktar ei ny tjuveribølge og ber folk vere obs.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Torsdag morgon fekk politiet i Nordhordland medling om at to påhengsmotorar var stolne frå Øksneset i Austrheim kommune.

Ikkje tilfeldig

Dette er det andre tilfellet på to døgn av slike tjuveri i kommunen, og fungerande lensmann Svein Hatlevik trur ikkje det er eit tilfeldig samantreff.

Les også: Drog båten på land for å stele motoren

– Det er naturleg å sjå desse tjuveria i samanheng, seier Hatlevik.

Ifølge politioverbetjent Kurt Inge Hordvik er det ikkje berre den geografiske nærleiken som ligg til grunn for denne teorien, men i tillegg var framgangsmåten tilnærma identisk ved dei to tjuveria.

Ber folk vere obs

Hordvik opplyser at politiet har fått tips om ein raud Audi stasjonsvogn som har vore observert i området, og ber folk vere observante.

– Vi tek gjerne imot tips frå publikum, seier Hordvik.

Held korta til brystet

Førebels vil ikkje politiet gå ut med teoriar kring kven som står bak tjuveria, men ifølgje Hatlevik står dei ikkje heilt på bar bakke, sjølv om etterforskinga er i ein tidleg fase.

– Vi gjer oss nokre tankar, men kan ikkje gå ut med desse no, seier Hatlevik.

Taktisk og teknisk

Tjuveria vert etterforska vidare frå Nordhordland lennsmannskontor.

– Vi tek no både taktiske grep i etterforskinga, og gjennomfører teknisk etterforsking på tjuveristaden, seier Hatlevik.

Artikkeltags