Drog båten på land for å stele motoren

Av

Tjuvane som stal to påhengsmotorar natt til onsdag var ikkje redde for å ta i eit tak.

Kartutsnitt frå Norgeskart.no

Kartutsnitt frå Norgeskart.no

DEL

Onsdag morgon fekk politiet i Nordhordland melding om at to påhengsmotorar var stolne frå Langøyna i Austrheim. Den eine båten låg allereie på slippen då tjuvane tok føre seg, den andre båten tok tjuvane seg bryet med å dra på land før dei fjerna motoren.

Påhengsmotorane som vart stolne var av merket Suzuki med 20 hestekrefter.

Ønskjer tips

Politiet har undersøkt staden og sak er oppretta, men så langt har politiet ingen mistenkte.

– Dersom nokon har observert nokon spesiell aktivitet på Langøyna i perioden mellom klolkka 1800 tysdag og onsdag morgon, er vi interessert i at dei tek kontakt med oss, seier fungerande lensmann Svein Hatlevik.

Eit vårfenomen

Politiet har ikkje registrert liknande tjuveri i den siste tida.

– Slike tjuveri plar vere eit vårfenomen, og er ikkje vanleg på denne tida av året, seier Hatlevik.

Artikkeltags