Ny sjef for «Ein smak av Austrheim»

Av

Vil setje Austrheim på kartet med lokal meny og gode opplevingar

Solveig Lerøy, dagleg leiar i Nordhordland Næringshage, og Jan Hopland, nytilsett festivalsjef for «Ein smak av Austrheim».

Solveig Lerøy, dagleg leiar i Nordhordland Næringshage, og Jan Hopland, nytilsett festivalsjef for «Ein smak av Austrheim». (Foto: )

DEL

Jan Hopland (49) frå Austrheim er ny festivalsjef for «Ein smak av Austrheim». Festivalen går av stabelen frå 23. juni til 2. juli i Austrheim sentrum og er den tredje i rekkja, skriv Nordhordland næringshage i ei pressemelding.

– Eg gler meg til å væra med å videreutvikla det flotte arbeidet som er gjort dei to første åra, seier Hopland.

Nytt av i år er at det skal opprettast ei eiga gruppe som skal arbeida med meny og matkonsept for festivalen.

– Eg håpar at vi kan få til ein spanande meny med lokalt produsert mat og lokale råvarar som speglar smaken av Austrheim og regionen, seier Hopland.

Noko nytt, noko velkjend

Han vil ikkje forskuttera programmet i år, men lovar at det blir kjende arrangement og forhåpentligvis noko nytt. Festivalen er tufta på mykje dugnad, men óg omsetnad for lokale leverandørar.

– Eg håpar lokalbefolkinga har lyst å bidra til å synleggjera Austrheim, og at me saman kan skapa ein flott festival med ein smak av Austrheim for alle, seier Hopland.

Samarbeid og dugnad

– Ein smak av Austrheim er eit sommarprosjekt i Nordhordland Næringshage med fokus på lokalmat, aktivitetar og opplevingar. Målet er å gjera regionen attraktiv for besøkjande og fastbuande, seier Solveig Lerøy.

Gjennom eit samarbeid med Austrheim kommune og Torghuset samt fleire bedrifter som til dømes Kystlandsbyen, Knuter Catering, Opplev Austrheim, Basthaugen Gard, Kilstraumen Brygge ønskjer festivalen å skapa engasjement i sentrum av Austrheim.

– Med Jan Hopland som samlande festivalsjef vil arrangementet få eit vidare løft i 2017, og me gler oss alle til sommararrangementet i vakre Austrheim, seier Lerøy.

Fjorårets festivalsjef Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn skal verta far i sommar, men vil væra med å bidra for å få ein god kontinuitet.

Alle som er interesserte i å vera med kan ta kontakt via emneknaggen #einsmakav på Facebook.

Artikkeltags