– Det kan berga liv

PARAT TIL Å HJELPA: Steinar Sellevold i Norsk Luftambulanse er glad for at Rolf Myrmel (i midten) og hans mannskap har fått auka kunnskap som kan redda liv i kritiske minutt. Bak f.v. ser vi kommunelege Peter Kubon og ordførar Per Lerøy. Bak t.h står rådmann Jan Olav Osen, saman med Jarle Førland frå helse Bergen og ambulansepersonell.

PARAT TIL Å HJELPA: Steinar Sellevold i Norsk Luftambulanse er glad for at Rolf Myrmel (i midten) og hans mannskap har fått auka kunnskap som kan redda liv i kritiske minutt. Bak f.v. ser vi kommunelege Peter Kubon og ordførar Per Lerøy. Bak t.h står rådmann Jan Olav Osen, saman med Jarle Førland frå helse Bergen og ambulansepersonell.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Brannmannskapa i Austrheim har fått auka kompetanse til å ta hand om sjuke og skadde. Det kan berga liv.

DEL

I dag er det ein ambulanse stasjonert i Austrheim. men den kan vera på veg til Bergen når alarmen går. Den nærmaste ambulansen er då i beste fall i Knarvik, vel 20 minuttar unna. I Austrheim har nyleg brannmannskap og andre i beredskap fått betre førstehjelpskompetanse, slik at dei kan ta hand om skadde og alvorleg sjuke, til profesjonell hjelp kjem fram. Det kan berga liv.

– Vi er svært glade for at brannmannskapa i Austrheim har fått auka sin kompetanse, seier Jarle Førland, som er assisterande seksjonsleiar i akuttmedisinsk seksjon, og representerer ambulansane i Helse Bergen. Han ser på prosjektet «Mens du ventar på ambulansen» som ei svært god støtte-teneste for ambulansen, og ein styrke i beredskapen.

Dei kritiske minutta

Målet med «Mens du ventar på ambulansen» er å etablera lokal beredskap basert på brannmannskap og helsepersonell. Desse skal kunna dei fyrste, livsviktige grepa ved utrykkingar ved behov. Med ein breiare akuttmedisinsk kunnskap kan pasienten i større grad sikrast god og livsviktig hjelp i dei fyrste kritiske minuttane.

– Vi er opptekne av å gjera ein forskjell i samfunnet, og er veldig glade for den auka kompetansen vi no har fått, seier brannsjef i Austrheim, Rolf Myrmel.

– Vi fekk for to år sidan Hordaland fylkeskommune sin bredskapspris. Det er mellom anna takka vere politikarar som verkeleg tek beredskapen på alvor, seier han.

Styrkar beredskapen

Regionsjef i Norsk Luftambulanse, Steinar Sellevold, er ikkje i tvil om at prosjektet, som alt er etablert i meir enn 100 kommunar i landet, løfter tryggleiken for kommunen sine innbyggarar.

– Dei siste åra er det til dømes mellom 15 og 20 pasientar som er overlevert ambulansepersonell med pulsgivande hjarte etter hjartestans, seier han.

– Er det fare for at prosjektet kan brukast som argument for å bygga ned ambulansetenesta?

– Vi går ikkje inn i kommunar der det er spenningar om ein ambulanse skal vekk eller ikkje. Vi har heller ikkje opplevd at dette har vore til hinder nokon plass, men snarare at det har styrka beredskapen, forsikrar Sellevold.

Artikkeltags