– Sveisefaget er ein konkurranse kvar dag

Fylkesuttak til NM i sveising

Av

Thomas Furseth, VG2 og Marius Vaktskjold VG1, begge frå Austrheim vidaregåande skule, stakk av med sigeren med god margin i sveisekonkurransen.

DEL

Papiravisa og full digital tilgang i 1 månad for berre 49 kroner!

Faglærar Svein Sylta er stolt over elevane sine, og har god tru på at dei skal klare seg godt vidare. Dei har ståpå-vilje og interesse, seier han. Thomas har allereie sikra seg ein læreplass til hausten.

Torsdag 9. mars arrangerte Caverion AS, avdeling Mongstad, i samarbeid med Nordhordland Nærlingslag– meisterskap i sveising for VG1 og VG2 elevar frå Osterøy, Knarvik og Austrheim vidaregåande skular.

Vinnarane: Frå venstre: Marius Vaktskjold (VG1) og Thomas Furseth (VG2), begge frå Austrheim vidaregåande skule.

Vinnarane: Frå venstre: Marius Vaktskjold (VG1) og Thomas Furseth (VG2), begge frå Austrheim vidaregåande skule.

Det er niande året på rad denne konkurransen blir gjennomført. Nytt i år er at vinnaren på VG2 i sveisekonkurransen for Nordhordland også vil representere Hordaland fylke i skule-NM i sveising på Lillehammer 26- - 27. april.

Skal til NM

Tanken bak skulekonkurranser er å bidra til å auke interessa, statusen og rekrutteringa til yrkesfaga i den vidaregående skulen. Atle Kold Hansen, rådgjevar ved senter for utdanning og yrkesrettleiing i Hordaland fylkeskommune filma arrangementet, og vil presentere ei oppsummering av konkurransen. Dette er også for å synleggjere faget og auke interessa.

Fakta:

Sveisekonkurransen blei arrangert av Caverion avdeling Mongstad i samarbeid med Nordhordland Næringslag. Denne saka er innsendt av arrangørane.

Saka held fram under bildet. 

Lagbilde: Frå venstre bak: Eirik Navdal (dommar VMF-Safeport), Dusko Draganov (dommar Caverion), Petter Lauvås (VG2 Knarvik vidaregåande), Thomas Furseth (VG2 Austrheim vidaregåande), Ivar Bernes (VG2 Osterøy vidaregåande) og Leif Ståle Vabø (dommar Caverion). Frå venstre framme: Martin Ynnesdal (VG1 Knarvik vidaregåande), Marius Vaktskjold (VG1 Austrheim vidaregåande) og Annika Hesjedal (VG1 Osterøy vidaregåande)

Lagbilde: Frå venstre bak: Eirik Navdal (dommar VMF-Safeport), Dusko Draganov (dommar Caverion), Petter Lauvås (VG2 Knarvik vidaregåande), Thomas Furseth (VG2 Austrheim vidaregåande), Ivar Bernes (VG2 Osterøy vidaregåande) og Leif Ståle Vabø (dommar Caverion). Frå venstre framme: Martin Ynnesdal (VG1 Knarvik vidaregåande), Marius Vaktskjold (VG1 Austrheim vidaregåande) og Annika Hesjedal (VG1 Osterøy vidaregåande) (Foto: )

I aksjon: Thomas Furseth.

I aksjon: Thomas Furseth. (Foto: )

Prøvene blir vurdert etter dei vanlege norske standardkrava til denne type produksjon. I tillegg blir elevane vurdert på orden og ryddigheit, samt bruk av verneutstyr.

Takk til TESS Vest AS som leverte ein fancy sveisemaske som første premie, og takk til Eirik Navdal, NDT Operatør frå VMF-Safeport, som saman med Dusko Draganov og Leif Ståle Vabø stilte som fagdommarar i konkurransen.

Vinnarane fekk sveisemaske, sponsa av Tess, samt genser og diverse artiklar frå Caverion.

Vinnarane fekk sveisemaske, sponsa av Tess, samt genser og diverse artiklar frå Caverion. (Foto: )

Artikkeltags