Får pengar til ny energi-forsking

ENGASJERT: Hans Olav Brandtun forklarar korleis «Sol og Vind huset» fungerer. Harald Matland frå Sparebanken Vest og elevane Idunn Brubakken og Jakub Matuszewski følgjer interessert med.          – Det er heilt noko anna å få testa dette ut og sjå det i praksis, enn å berre få det presentert teoretisk, seier elevane. Alle foto: Randi Bjørlo

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ei pengegåve gir håp for vidare forsking på sol og vind ved Austrheim vidaregåande.

DEL

Tilbod: Få Nh+ i åtte veker for kun 49 kroner

Sjølv om framtida nett no er uviss for Austrheim vidaregåande, er rektor Kjersti Haugland klar på at onsdag 4. mai var ein gledens dag. Då kunne ho motta 20 000 kroner frå Sparebanken Vest til skulen sitt «Sol og Vind hus», der både vidaregåande og ungdomsskuleelevar i Austrheim får driva forsking på ulike energi-former.

Kan forska vidare: Matte og naturfaglærar Rannveig Sundsbø Iversen (t.v) og elevane Jakub Matuszewski og Idunn Brubakken, begge Vg1 TIPA, er godt fornøgd med at dei no kan forska vidare.

Kan forska vidare: Matte og naturfaglærar Rannveig Sundsbø Iversen (t.v) og elevane Jakub Matuszewski og Idunn Brubakken, begge Vg1 TIPA, er godt fornøgd med at dei no kan forska vidare.

Til huset er det både knytt varmepumpe, solcellepanel, solfangar, vindkraft og ein energibank. Vindturbinen rauk ei orkannatt for nokre år sidan, og pengegåva kjem godt med når det skal nytt utstyr på plass til hausten.

LES OGSÅ: Stå opp for våre vidaregåande skuler!

Samarbeidsprosjekt

– Dette var opprinneleg skulen si første kantine. I 2012 stod bygget til nedfalls og vi kontakta kommunen som tok kostnaden med nye vindauge og kledning, medan byggfagelevane gjorde jobben, seier rektor.

Ho legg ikkje skjul på at skulen er rimeleg stolt over bygget som ho seier både er eit symbol på det som har vore, og som ein ønskjer skal vera i framtida.

LES OGSÅ: – Nordhordland treng to vidaregåande skular også i framtida

Dette er framtida

– Alternativ energi kjem i den nye læreplanen, og vi vil vera med på den utviklinga i Nordhordland, seier Haugland og gir samtidig ros til eldsjel og nabo Hans Olav Brandtun som har sendt søknaden om pengestøtte og som har god greie på korleis dei ulike finessene i huset fungerer.

– Eg som bankmann forstår ikkje korleis dette virkar, men det gjer de elevar som jobbar med det, seier Harald Matland, som er glad for at Sparebanken Vest kan vera med å støtta opp om framtidsprosjektet.

LES OGSÅ: Fire småkraftverk fekk ja

Kjempar vidare

Forskarhuset: Litt av bordkledninga er måla gul, og meininga er at heile «Sol og Vind huset» skal få solfargen.

Forskarhuset: Litt av bordkledninga er måla gul, og meininga er at heile «Sol og Vind huset» skal få solfargen.

Ordførar Per Lerøy takka og banken for pengegåva.

– Dette er eit godt samarbeidsprosjekt mellom skulen og kommunen, seier han og nyttar samtidig sjansen til å takka Hans Olav Brandtun og broren Arnt som heiv seg rundt og fekk reist bygget som husar den vidaregåande skulen.

– Eg håpar de vil bli med i kampen vidare for utdanningstilbodet til næringslivet i denne delen av kommunen, sa Lerøy.

Artikkeltags