Austrheim-elevane gjekk til topps med «Donut» som skal hindre fiskerømming

Oppfinnarar: Elevar ved Austrheim vidaregåande skule gjekk til topps av skulane i Hordaland i konkurransen «Ringer av vann – sjømat for fremtiden».Pressefoto

Oppfinnarar: Elevar ved Austrheim vidaregåande skule gjekk til topps av skulane i Hordaland i konkurransen «Ringer av vann – sjømat for fremtiden».Pressefoto

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Elevar frå Austrheim VGS har laga eit produkt som kan hindre at fisk rømmer frå oppdrettsanlegg.

DEL

Elevane frå Austrheim vidaregåande skule gjekk heilt til topps i konkurransen «Ringer av vann – sjømat for fremtiden» blant skulane i Hordaland fylke.

No skal austrheimelevane delta i den nasjonale finalen som går i Stjørdal 16. – 18. januar. Der vil dei få eit heilt nytt og ukjent oppdrag som skal løysast.

LES OGSÅ: Laksemillionæren frifunnen i retten

– Med den fantastiske kulturen som finst rundt Austrheim i forhold til fiskeri og havbruk, som dei forhåpentlegvis kjenner godt til, og eigen kreativitet og kompetanse, så trur eg dei har gode sjansar i finalen, seier Ingrid Stensnes til Avisa Nordhordland, rådgjevar for Ungt Entreprenørskap i Hordaland.

Slik var løysinga

Rundt 60 elevar ved skulen, på tvers av ulike linjer, har vore med i konkurransen med ulike oppfinningar. På landsbasis har fleire tusen elevar deltatt.

I Hordaland har tre skular vore med i konkurransen. Sotra VGS, Austrheim VGS og Austevoll VGS stilte med sine beste lag i finalen.

Konkurransen blir arrangert i tett samarbeid med sjømatnæringa, der aktørane er Nærings- og fiskeridepartementet, Sett Sjøbein og Ungt Entreprenørskap.

LES OGSÅ: Frå dette rommet fôrar Elisabeth og Marte tusenvis av fisk

Vinnarlaget frå Austrheim hadde løyst følgande utfordring: – «Lag eit produkt som fører til at færre fisk rømmer fra norske oppdrettsanlegg.».

Løysinga var ein ny type lukka anlegg forma som ein donut. Her samla ein opp alle næringssalter til gjenbruk som gjødsel, det fanst ein silo for fiskefor, og det var mogleg å koble på mindre einingar for å flytte fisk frå ein stad til ein annan.

– Ei gjennomarbeidd løysing som svarar godt på problemstillinga. Det er ei fin visuell utforming og gruppa har fått med mange relevante element, - uttalte ein samla jury ifølgje ei pressemelding frå Ungt Entreprenørskap.

Les også: Firda Seafood har gjort storinvesteringar for å overvinne lusene

Juryen har bestått av av Geir Olav Melingen (direktør Akvariet i Bergen), Tor Eirik Homme (direktør Feed and Nutrion, Grieg Seafood) og Fredrik Hald, (produktviklingssjef i Lerøy).

Dommarane var imponert over elevane sine bidrag og framheva at alle finalistane hadde aktuelle løysingar og traff godt på trendar i tida.

Artikkeltags