Åtvarar mot stråling i kvardagen

ÅTVARAR: Anne-Grete Støwer og Børge Rønhovde på Bøketunet klinikk og kurssenter i Sæbøvågen åtvarar mot stråling i kvardagen.

ÅTVARAR: Anne-Grete Støwer og Børge Rønhovde på Bøketunet klinikk og kurssenter i Sæbøvågen åtvarar mot stråling i kvardagen.

Artikkelen er over 10 år gammel

Anne-Grete Støwer og Børge Rønhovde åtvarar mot mobilstråling.

DEL

Anne-Grete Støwer og Børge Rønhovde er regelmessig i kontakt med folk som slit både fysisk og psykisk på grunn av overkjensler for stråling. Og dei to åtvarar på det sterkaste mot noko dei meiner vi enno ikkje kjenner konsekvensane av.

- I dagens samfunn vert vi menneske eksponert for ein mur av stråling. Utandørs i byar og tettstader, møter vi stråling frå mobiltelefonar, høge mobilmaster og ei mengde sendarantenner frå hustak. Innandørs vert vi eksponert for eigne eller naboen sine trådlause nettverk, trådlause telefonar og liknande. Baseeininga til dei aller fleste av desse gjer at alle som oppheld seg i huset vert utsett for stråling heile døgeret, seier dei to terapeutane, som saman driv Bøketunet kompetansesenter for førebyggande helse i Sæbøvågen.

- Mange symptom

- Dei vanlegaste trådlause heimetelefonane stråler ti gonger meir enn kva mobilen vanlegvis gjer, og med ei pulserande stråling som er spesielt stressande for levande organismar. I nærleiken til baseeininga er styrken på strålinga samanliknbar med ein eller fleire mobilmaster på nært hald. Frå fleire hald vert det rapportert om søvnlause, hovudverk, stress, rastlause, konsentrasjonsproblem, smerter i kroppen og andre symptom som forsvinn når ein slår av systemet for trådlaus telefon, forklarar dei to terapeutane.

Kollektivt transport

Støwer har mange døme å koma med.

- På ein buss eller eit tog har dei fleste passasjerane med seg mobiltelefon som er på til ei kvar tid. Inne i ein metallkupé har radiobølgjer vanskeleg for å koma fram. Difor sender mobilen på maksimal effekt. Dette fører til at vi vert utsette for store dosar stråling frå andre sine telefonar. Så gale er det faktisk for mange, at dei ikkje kan reisa med offentleg transport. I tunnelbanar i Japan har ein målt nivå som er hundre gongar høgare enn dei nivå som har fått rottehjernar i laboratorieforsøk til å likne på salami, seier ho til nh.

Kritisk til regelverket

Støwer og Rønhovde stiller seg svært kritiske til dei høge stråleverdiane som er lovlege i Norge. I Belgia har politikarane nyleg senka grenseverdien for trådlaus kommunikasjon til eit nivå som ligg på 5-10 prosent av det Norge har. I delstaten Salzburg i Austerrike har dei vedteke ein grenseverdi for det nye 3G-systemet som er ein milliondel av kva Norge har, fortel dei to.

- Stadig fleire fortel at dei vert sjuke av mobilstråling, og dersom ein snakkar høgt om sine overkjensler for dette, kan ein fort mista respekt og verta betrakta som hysterisk. Sjølv Gro Harlem Brundtland vart møtt med denne haldninga då ho fortalde at ho ikkje orka å vera i same rom som ein mobiltelefon, fortel Rønhovde, og legg samstundes til at grenseverdiane for mobilstråling i Norge berre beskyttar mot umiddelbare effektar som oppvarming. Dei beskyttar ikkje mot effektar av langvarig eksponering eller mot symptom som hovudverk, søvnlause eller kreft.

- Ein må søkja kommunen om å setja opp ein garasje, men ei strålekjelde retta inn mot naboen sitt soverom er heilt greitt så lenge ein held seg innanfor grenseverdien for oppvarming, seier Støwer til nh.

- Kan verta katastrofe

Både menneske og dyr vert påverka av strålinga. Studiar frå ei rekkje land i viser at bier ikkje vender tilbake til kubane sine når mobiltelefonar er plasserte i nærleiken.

- Dette kan vera ei forklaring på at 60-70 % av biebestanden på aust- og vestkysten i USA har forsvunne sporlaust. Biene står for hovudpollineringa av mange av verdas avlingar, og utan desse kan vi gå store katastrofar i møte, seier Rønhovde.

Den kontinuerlige strålinga fører til fysisk og psykisk isolasjon og sender i følgje dei to terapeutane folk på flukt frå heim og arbeidsstad.

- Til no har det vore mogeleg å modifisera elektriske anlegg slik at strålingsnivåa heime og på arbeidsplassen har vore til å leva med. Denne mogelegheita er i ferd med å forsvinna sidan stråling frå trådlaus kommunikasjon har vorte så sterkt utvida. Vi har fått ei lov som beskyttar mot passiv røyking. Kortid skal vi få ei lov som beskyttar mot uønska stråling?, undrar dei to.

Artikkeltags