Opprettar asylmottak for 140 personar på Radøy

RADØYTUNET: Her vert det asylmottak for 40 einslege mindreårige.

RADØYTUNET: Her vert det asylmottak for 40 einslege mindreårige.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

UDI har tildelt Norsk Folkehjelp kontrakt på drift av asylmottak på Radøytunet med inntil 140 plassar. Det er Norsk Folkehjelp som skal driva mottaket.

LES OGSÅ: Søker om å etablera asylmottak for fjerde gong på Radøytunet

Avvist i fyrste runde

Opphaveleg fekk Norsk folkehjelp nei til å etablera desse 140 plassane. I slutten av april vart søknaden avvist grunna formelle feil. Men etter ein klage endra det heile seg.

– Me såg nærare på det og gav dei medhald på at dei kunne vera med, seier Sissel Mehammar i UDI region Vest til avisa Nordhordland.

Etter den nye vurderinga, er altså Norsk folkehjelp tildelt

Det var planlagt å start opp før sommarferien, men på grunn av forseinka anbodsprosess kjem UDI tilbake med dato for oppstart.

– Me har brukt lenger tid enn berekna på å handtera denne konkurransen enn det som var oppsett tidsplan. Men eg reknar med dei er i gang i løpet av juni og at det vert tatt i bruk full kapasitet i løpet av august, seier ho.

Men ho understrekar at UDI må ha eit møte med Norsk folkehjelp for å diskutera detlajande nærare.

– Kvifor eignar Radøytunet seg som asylmottak?

– Det er ein godt eigna bygningsmasse til å handtera asylsøkarar. Det er fleksibelt og kan handtera både einslege og familiar, peikar ho på.

LES OGSÅ: «Politikarane er av og til så kunnskapslause, at ein kan lura på om dei veit kva dei snakkar om»

Ikkje mottak for einslege mindreårige

Rundt 2.000 plassar vart fredag ettermiddag fordelt over heile landet. Radøytunet er det einaste i Nordhordland, men til saman fekk Hordaland 310 nye asylmottaksplassar.

Mehammer seier til avisa Nordhordland at det til no i år har vore svært låge ankomsttal.

– Det er stor usikkerheit korleis ankomstsituasjonen vert utover året. Me har no bygd opp den kapasiteten me treng på dette tidspunktet, så vurderer me dette utover året, sluttar ho.

Som avisa Nordhordland skreiv i byrjinga av mai, har Norsk folkehjelp også søkt om å drivas mottak for einslege mindreårige asylsøkarar på Radøytunet. Den søknaden fell no vekk, då dei har fått gjennomslag for sin førre søknad, som forøvrig var den tredje i rekka frå Norsk folkehjelp.

Det er ikkje kome inn søknadar frå andre plassar i Nordhordland om å driva mottak for einslege mindreårige asylsøkarar.

LES OGSÅ: Ber Lindås ta i mot 118 flyktningar dei neste to åra

Artikkeltags