Lune Huler brann natt til søndag - eit bygg heilt nedbrent

Foto: Yngve Garen Svardal

Foto: Yngve Garen Svardal

Artikkelen er over 4 år gammel

Hotellet Lune Huler på Vågseidet i Lindås kommune vart totalskadd i brann natt til søndag. Restaurantdelen brann ned til grunnen, mens overnattingsdelen fekk røykskadar.

DEL

Lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg stadfestar overfor avisa Nordhordland at dei ikkje ser bort frå at brannen er påsett.

– Me held den moglegheita open, seier han søndag morgon.

Han seier at krimteknikarar kjem på staden søndag morgon. Dei vil byrja med den uskadde delen av hotellet. Branntomta får dei truleg ikkje byrja med før på måndag, då den må kjøla seg ned fyrst.

Hotell Lune Huler på Lindås, som på fredag fekk tildeling på å verta eit asylmottak for einslege mindreårige asylsøkarar, stod i full fyr natt til søndag.

Medan avisa Nordhordland var på staden vart det jakta på ein mystisk bil som vart observert av vitne på staden kort tid før brannen vart oppdaga.

Det vart og søkt med politihundar i området.

Meldinga om brannen kom inn til brannkorpset klokka 02.23.

– Det er to bygg som står i brann, sa vaktkommandør Arne Rikstad ved brannvakta i Bergen, til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Politiet jaktar mørk bil

Har ikkje kontroll

Mannskap frå både Lindås, Knarvik og Austrheim rykte ut til storbrannen.

Det var nærare 35 brannfolk i sving på staden for å få kontroll på brannen.

Rundt klokka 03.00, rundt tre kvarter etter brann må ha starta, hadde brannkorpset ikkje kontroll på situasjonen.

– Me har ikkje kontroll og prøver å avgrensa skadane, sa Rikstad då.

    Ordførar Astrid Aarhus Byrknes kallar brannen på Vågseidet ein tragedie.

    Det var då ikkje lenger fare for at brannen skulle spreia seg til andre bygg, men restaurant-delen av hotellet var overtent.

    LES OGSÅ: Her ser eigaren hotellet bli totalskadd i brann

    Meldt inn av vitne

    – Det er full overtenning, og både brann, politi og helse er på staden. Det skal vera sagt at alle folk er ute av bygningsmassen, sa Terje Magnussen, operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt i Bergen.

    – Det var vitne som melde inn at dei såg flammar, seier Magnussen.

    SJÅ OGSÅ: Sjå video av storbrannen

    Det var sjølvsagt for tidleg å spekulera i brannårsaka i natt.

    – Ja, det er det sjølvsagt, men vi undersøker og går breitt ut. Før vi kan seia noko meir om det må vi komme oss ut og få undersøkt forholda, sa Magnussen.

    Bil observert i nærleiken

    Ifølge politiet skal det ikkje ha vore noko arrangement i hotellet som er i ferd med å bli gjort klar for å bli asylmottak.

    Magnussen opplyser også at politiet jobbar med å sjekka ut eit tips om ein bil som skal ha vore i nærleiken.

    – Det er også sagt at det er observert ein bil i nærleiken, men den meldinga er ikkje sjekka ut per no. Det er noko vi vil undersøka, seier Magnussen.

    SJÅ OGSÅ: Sjå bilda frå storbrannen

    Også han stadfesta at det er snakk om ein storbrann.

    – Det er full fyr i eine restaurantdelen, sa operasjonsleiaren. 

    Avisa Nordhordland sin journalist på staden, Yngve Garen Svardal, rapporterte omtrent samtidig at det var storstilt politiaktivitet på strekninga Isdalstø – Kjevikdalen.

    Avgrensa skadane

    Litt før klokka 04 hadde brannmannskapa kontroll på brannen.

      Ordførar Astrid Aarhus Byrknes kallar brannen på Vågseidet ein tragedie.

      – Den første patruljen var raskt på staden og konstaterte at det bygget som brann var overtent. Innsatsen handla difor om å avgrensa skadane, seier innsatsleiar John Eivind Skeie til Avisa Nordhordland.

      LES OGSÅ: Lindås og Radøy får asylmottak

      Det var berre det eine hotellbygget som brann. I denne delen var det restaurant og matsal. Dette brann ned til grunnen.

      – Det andre bygget er ikkje brannskadd, men røykskadd, informerer innsatsleiaren.

      Store ressursar i sving

      Det budde to personar på hotellet. Desse kom seg ut og er uskadde.

      – Det var fare for spreiing til nabolaget. Vi sette i gang planar for evakuering av naboane, men det vart ikkje nødvendig å evakuera, seier innsatsleiaren.

      Store ressursar frå alle naudetatar vart sendt til Vågseidet i natt. Minst fem-seks store brannbilar dreiv med sløkking. Politi frå Knarvik, Åsane og Bergen var på staden i tillegg til fleire ambulansar.

      Politiet har no sperra av hotellområdet og vil driva med ettersløkking utover søndagen. Folk frå krimteknisk vil søndag morgon også koma til staden og byrja sine undersøkingar.

      Tips Oss
      TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

      Artikkeltags