Promillekøyrde på trimma moped i 80-sona

Ein mann i 40-åra blei stoppa av politiet etter ei vill ferd.

DEL

– Han var ein fare for seg sjølv og andre, seier politioverbetjent Endre Laukeland ved Bergen Nord politistasjon til BA.

Det var i 1630-tida tysdag at ein bilist reagerte på køyringa til ein moped i ei 80-sone.

– Mannen køyrde på ein trimma moped. Ein frykta at han skulle køyre i bilen foran seg. Politiet blei kontakta, seier Laukeland.

Politiet rykte ut. Ferda endte i Salhusvegen, der mannen blåste raudt.

– Han blåste til 0,4 i promille, opplyser politiet.

Det er også tatt blodprøver av mannen for å undersøke om han var påverka av narkotika i tillegg til alkohol.

– Han er ein kjenning av politiet. Mannen hadde ikkje gyldig førarkort.

Artikkeltags