No er leiketøykjempen konkurs - 700 tilsette kan miste jobben

Av

Top Toy Norge konkurs – 700 tilsette kan miste jobben.

DEL

Top Toy Norge, som kjedane Toys'R'US og BR Leker inngår i, er slått konkurs torsdag, skriv Nettavisen.

Det går fram av ei melding i Brønnøysundregistrene.

Toys'R'US har mellom anna ein stor butikk i Åsane.

Etter det Nettavisen kjenner til, jobba dei danske bustyrarane med å få inn bod på selskapet heilt fram til onsdag kveld. Då gjekk fristen ut. Dermed blei det opna konkurs i buet dagen etter.

Det har ikkje lykkast Nettavisen å få kontakt med desse bustyrarane, eller Top Toy Norge-sjef Atle Bakke. Då Nettavisen snakka med han tidlegare på torsdag, var han fortsatt usikker på om det var komme inn eit bod.

Fare for 700 jobbar

Oppbodet medfører med andre ord at det ikkje var nokon kjøparar som var interessert i å ta over leiketøysgiganten.

Top Toy i resten av Norden gjekk konkurs i romjula, men den norske verksemda har halde ope inntil vidare.

Det var likevel begrensa kor lenge det norske selskapet kunne drive utan støtte frå det danske morselskapet. Dei var avhengig å få inn ein ny eigar innan kort tid.

Top Toy har 56 butikkar i Norge og nesten 700 tilsette. Desse mistar jobben viss det ikkje kjem nokon ny kjøpar på bana i løpet av dei kommande vekene.

Advokat Thomas Piro er peika ut til bustyrar for konkursbuet. Det er han som dermed leiar jakta på ein ny eigar som kan overta leiketøysgiganten.

Piro har foreløpig ikkje svart på Nettavisen sine henvendingar.

Lite støtte

Bakke uttalte tysdag at det verste for tida ikkje er å få tak i varer, men at dei mister støtta frå den danske organisasjonen, som i forrige veke blei seld til danske Salling Group.

– Den norske organisasjonen har lent seg i stor grad på den danske. Når den forsvinn, så forsvinn støttefunksjonar som innkjøp, økonomi og marknadsføring. Utan desse er det vanskeleg å drive, sa Bakke til Nettavisen tysdag.

Artikkeltags