Gå til sidens hovedinnhold

Måtte ta hand om tre hestar på nattevandring i Åsane

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet måtte rykke ut til tre hestar natt til onsdag.

Det var på E39 like ved Haukås i Åsane at det blei meldt om tre hestar som sprang i vegen.

– Vi fekk mange meldingar om hestane frå bilistar, fortel Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Bergensavisen.

Politiet fekk den første meldinga klokka 0219 natt til onsdag, og rykte ut for å ta seg av hestane.

– Vi fekk god hjelp frå nokre lokale som er vande med å handtere hestar. Dryge 25 minutt seinare hadde vi kontroll på dyra, seier operasjonsleiaren.

Ønsker kontakt med eigar

Dei tre hestane er plassert midlertidig, og politiet ønsker no å komme i kontakt med eigaren av hestane.

– Dette skjer heldigvis ikkje så ofte. Det var ein god del trafikk, trass i det at det var natt til onsdag. Men alt gjekk bra og ingen er skadde, verken hestar eller menneske, seier Samsonsen.

Saknar du tre hestar? Kontakt politiet på 02800.

Les også

Politimann på joggetur snusa seg fram til hasjplantasje

 

Les også

Melandsbonde må avliva kyr som får brusboksar i fôret: Dyra lir ein sakte og smertefull død

 

Kommentarer til denne saken