Onsdag morgon klokka 08.30 nådde Arvid Lahti toppen av Ama Dablam (6812 moh), verdas vakraste fjell. Derifrå hadde han fritt utsyn til Mount Everest, der han sjølv stod 19. mai i år, og til fleire av dei andre fjelltoppane i Himalaya.

- Alle i vår ekspedisjon kom opp, og er i fin form. Det einaste problemet vi har hatt er at ein fekk litt frostskader på nokre tær, seier Arvid på telefon frå Camp 2. Han har tatt plass på eit høgdedrag for å få dekning til mobilsamtalen, og rundt han bles det friskt. Likevel har vêret på denne ekspedisjonen til teknisk krevjande Ama Dablam vore veldig bra, og ekspedisjonen har gått fortare enn berekna.

Krevjande klatring

- Dette baud på meget avansert klatring for min del.Spesielt krevjande var massivet Yellow tower der vi først klatra litt sidevegs, og så loddrett rett opp med 1500 meter under meg. Då må ein kobla ut alle følelsar og konsentrera seg hundre prosent om det som skjer, seier Arvid, og beskriv det siste stykket mot toppen som endelause bakkar med snø og is der det ikkje var mogleg å setja seg ned å kvila.

- Toppturen starta klokka eitt, og heile natta såg eg folk med hovudlykter oppover bratte fjellsida, som føltest uendeleg lang, seier han. Og fortel at frå toppen og ned til den øvste leiren, der han var tilbake klokka to på ettermiddagen, var det rappellering heile vegen. Det seier noko om kor krevjande denne ekspedisjonen er.

Solid opplegg

- Sjefssherpa Nima som har vore med meg både på Everest og no sa då også at på denne turen betyr alder meir. Dette er for meir proffe ungdomar som har solid klatreerfaring, seier masfjordingen som feira 55 årsdagen sin i Kathmandu, før følgjet flaug inn i Himalaya. Sidan Arvid var den med minst klatreerfaring i følgjet på fire, fekk han den mest rutinerte sherpaen på toppturen. Han har vore 11 gogner på Mount Everest og tre gonger på Ama Dablam, i tillegg til at han har vore sherpa for Cecilie Skog på Manaslu i Himalaya.

- Nima kjører eit veldig profesjonelt og godt opplegg. Vi hadde dobbel sikring heile toppturen, seier Arvid som tvilar på at det vert fleire reine tekniske fjell for hans del. Han er godt fornøgd med det han alt har oppnådd i så måte.

- Mange andre fjell på over 8000 meter er ikkje så teknisk krevjande, legg han til.

Turist i Kathmandu

Undervegs inn mot Base Camp la følget inn ein topptur til Island Peak - noko Arvid meiner har hatt mykje å sei for aklimatiseringa. Ingen av dei har vore i nærleiken av noko som helst form for høgdesjuke.

- I to netter har vi sove i Camp 2 på 6100 meter utan problem, seier han. Og legg til at han har møtt ein stor delegasjon norske som er med selskapet HvitSerk på tur til Ama Dablam.

No går turen tilbake mot Namche Bazar og Lukla, før flyturen tilbake til Kathmandu. Der reknar Arvid Lahti med at han får nokre avslappande dagar som turist, før han flyr heim igjen 15. november.