– Det er heilt fantastisk. Han nådde toppen klokka 10 lokal tid. Det er nøyaktig same tidspunkt som han kom til topps i fjor, seier Marit Andreassen til avisa Nordhordland.

55 år gamle Lahti frå Masfjorden i Nordhordland er dermed etter alt å dømme den første nordmannen som har klatra Mount Everest ikkje éin, men to gonger i løpet av same år.

– Ja, det er han nok høgst sannsynleg, seier Bjørn Myrer Lund til BA. Saman med Odd Eliassen var dei dei to første nordmennene som nådde toppen.

Ringde mor si

Marit Andreassen driver firmaet Høyfjellsspesialisten, og har ført logg over Lahtis ekspedisjon. I fjor klatra han Everest frå sørsida. Denne gangen har han saman med fire andre gått frå nordsida, ei rute som beskrivast som mindre rasutsett, men til dels enda brattare enn ruta frå sørsida.

LES OGSÅ: Arvid har nådd målet

Lahti og hans sherpa var den einaste i følget som nådde helt til topps, ifølgje Andreassen.

– Det er berre heilt utruleg det han har gjort, seier Andreassen til Nordhordland.

– Han ringde mora sin i dag. Telefonsambandet er dårleg, så det var ikkje mykje han fekk fortalt. Han var da på 8300 meter, på veg ned igjen, seier Andreassen.

– Han ringde meg ved 14-tida i dag og fortalde at han hadde klart det. Kan eg ikkje vere stolt i dag, vet eg ikkje når eg skal vere det, seier mora Signy til Bergens Tidende.

– Men han har ringt meg kvar dag, det beundrar eg ham for. Nå kan eg ikkje si anna enn at eg er glad det er over, seier mora til avisa.

Ein reknar med at Lahti vil bruka nokon dagar på å komma seg ned til Base camp.

Marit Andreassen har snakka med Lahti jamleg under ekspedisjonen.

– Alt har gått etter planen. Det har vore stritt, men han seier han er i god form.

– Problemet: Du skal ned igjen

Korkje BA eller Nordhordland har snakka med Lahti sjølv, men BA har altså ringt Bjørn Myrer Lund som klatra Mount Everest i 1985, i ekspedisjonen som vart leda av Arne Næss jr.

– Korleis følast det å nå toppen?

– Eg følte eigentleg ingenting. Det er klart det var stort, men samtidig: Du skal ned igjen også. Det er det som er problemet, seier Lund.

LES OGSÅ: Kriblar etter å koma i gang

Han peikar også at det er helt annleis å klatre Everest i 2013 enn i 1985. I dag er alt tilrettelagt på ei helt annan måte, seier han.

– 1985 er jo ei mannsalder sidan.

Var i dårleg form

For Arvid Lahti sin del var det ikkje akkurat gitt at han ei dag skulle nå toppen av verdas høgste fjell. 55-åringen har tidlegare fortalt at han pleidde å vere i svært laber form.

– Det går nesten ikkje an å vere i dårlegare form enn det eg var frå eg var 20–25 til 35 år. Eg drev ikkje med noko fysisk aktivitet og klarte ikkje ei gang å gå ei liten fjelltur der eg kjem frå. Det hadde gitt fantastisk høge odds dersom eg, som 30-åring, sa at eg ei dag skulle komme opp på Mount Everest, sa han til BT før årets ekspedisjon begynte.

LES OGSÅ: Lahti klar for nytt eventyr i Himalaya

Som 35-åring byrja han å gå turar igjen, og sidan har det balla på seg. Han har i seinare år nådd toppane av ei rekkje av verdas høgste fjell.

– Men kvifor ville han opp på Mount Everest enda ei gang?

– Det er vel noko med at man blir biten av basillen. Han snakkar om at han nå er 55 år, og at dette noko han ikkje kan gjere i så mange framover. Han er motivert, og dette er noko han mestrar. Vi er berre kjempeimponert over han, seier Andreassen.

LES OGSÅ: Kongeleg mottaking for Arvid