Knarvik senter har hatt stor suksess med bryllaupsmesser - i år er den lagt til Valentinsdagen

Knarvik senter har hatt stor suksess med bryllaupsmesser dei siste åra og steller i stand ei ny på Valentinsdagen, torsdag 14. februar. Her frå fjorårets brudeshow. (Arkivfoto)

Knarvik senter har hatt stor suksess med bryllaupsmesser dei siste åra og steller i stand ei ny på Valentinsdagen, torsdag 14. februar. Her frå fjorårets brudeshow. (Arkivfoto)

Av

Kjærleik og romantikk er tema i Knarvik senter på Valentinsdagen, torsdag 14. februar.

DEL

Knarvik senter har dei siste åra hatt stor suksess med å arrangere bryllaupsmesse i senteret på nyåret.

Det gjer senteret også i år, og messa er lagt til torsdag 14. februar - ikke ein tilfeldig dato då dette er sjølvaste Valentinsdagen.

Ein dag for kjærleik og romantikk som kan ha oppstått fordi det var denne dagen fuglane skal ha begynt å pare seg, ifølge nettleksikonet Wikipedia.

Akkurat det er ikkje Avisa Nordhordland i stand til å etterprøve, og om det ikkje blir paring i senteret blir det i alle fall inspirasjon å få til par som går med gifteplanar.

– Her blir det utstillingar med gode tilbod og brudeshow med visning av brudekjolar og selskapsantrekk i ulike variantar, seier senterleiar Åge Torsvik i ei pressemelding.

Han lokkar med glitrande underhaldningsinnslag, herlege smaksprøver og forfriskingar og konkurransar med flotte premiar.

I tillegg til at butikkane i Knarvik senter vil ha sine utstillingar retta mot gifteklare, er det også invitert inn gjesteutstillarar.

– Blant dei er Møller bil som vil stille med sin flunkande nye modell Audi e-tron quattro, seier Torsvik i pressemeldinga.

Anne Hvidsten skal vere delvis syngande konferansier under showet. Artisten Sigurd Tronstad skal også bidra til å sette dei besøkande i den rette stemninga.

Artikkeltags