Morten Olsen Schulstad er ny rektor ved Knarvik ungdomsskule

Morten Olsen Schulstad er ny rektor ved Knarvik Ungdomsskule.

Morten Olsen Schulstad er ny rektor ved Knarvik Ungdomsskule. Foto:

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

Tilsettinga av rektor ved Knarvik ungdomsskule er endeleg i boks, og den nye rektoren er på plass frå 1. februar.

DEL

Måndag melder Knarvik ungdomsskule at Morten Olsen Schulstad er tilsett i stillinga som rektor ved Knarvik ungdomsskule.

– Dette er ein av dei søkarane vi hadde som er godt kvalifisert. I tillegg er han busett på Frekhaug, så han har tilknytning til området. Vi er veldig godt nøgde med at han har takka ja til tilbodet om denne stillinga, seier einingsleiar i Lindås kommune, Ragna Midtbø om tilsettinga.

Schulstad kjem frå stillinga som avdelingsleiar ved Rå ungdomsskule i Bergen, og ser føre seg at den nye rolla som leiar for ein heil skule vil by på ei rekke nye utfordringar.

– Det som er litt deilig og samstundes skummelt ved å jobbe i skulen, er at du aldri veit korleis arbeidsdagen vert. For meg er det eit av hovudtrekkplastera ved å jobbe i skulen. Eg ser føre meg at det vert mange utfordringar, men eg eg går inn i det med opne auge. Eg veit at det er veldig dyktige folk på Knarvik ungdomsskule, og eg gler meg til å jobbe saman med dei, seier Schulstad om tilsettinga. 

Kort om Morten Olsen Schulstad

  • Fødd og oppvaksen i Finnmark, men flytta til Bergen for 17 år sidan.
  • Forelska seg i ein stril og er no busett på Frekhaug med sambuar og to barn.
  • Har lærarutdanning frå dåverande Høgskulen i Bergen og tilleggsutdanning frå UiB samt leiarutdanning frå NHH.
  • Har jobba på Slåttemyra skule, Breimyra skule og er no avdelingsleiar ved Rå ungdomsskule i Bergen
  • Startar i jobb som rektor ved Knarvik ungdomsskule 1. februar 2018.

Ein av fire søkarar

Rektorstillinga vart lyst ut i midten av september, og fristen for å søke var 5. oktober. Fire kandidatar søkte på stillinga: Tre menn og ei kvinne.

Stillinga vart lyst ut etter at det blei klart at tidlegare rektor Olaf Hella blir ny kommunasjef for oppvekst i Radøy kommune.

Etter drygt elleve år som rektor på Knarvik ungdomsskule, følte Hella at det var på tide å sleppe til nye krefter som kan utvikle skulen vidare.

– Det kan vere sunt at det kjem litt friskt blod inn her òg, sa han til avisa Nordhordland i september.

Vil vere med på endringa

Det som gjorde rektorstillinga attraktiv for Schulstad var mellom anna dei endringsprosessane som både skulen og kommunen skal gå gjennom dei kommande åra.

– To ting skal skje. Kommunen skal bli ein større kommune, ein prosess eg synst er veldig spennande. Samstundes er det fagfornying på gang i alle landets skular som skal resultere i nye læreplanar. Eg synst det er veldig spennande prosessar, og då denne stillinga vart ledig var det ein sjanse eg ikkje var villig til å la gå frå meg, seier Schulstad.

Artikkeltags