– Alvorleg auke i vald og narko

BEKYMRA: Auken i valds- og narkosaker gir grunn til bekymring, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

BEKYMRA: Auken i valds- og narkosaker gir grunn til bekymring, seier lensmann Kjell Idar Vangberg. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

–76 valdssaker og 156 narkosaker er tørre fakta frå politiet for dei seks første månadane i år.

DEL

Halvårstala for Nordhordland lensmannsdistrikt er dyster lesnad på mange område, samanlikna med same periode i fjor.

– Talet på valdsaker har auka med over 40%, frå 54 første halvår i 2013, til 76 i same periode i år. 13 av desse er direkte familievaldssaker, 25 direkte trusselsaker, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

– Dei nye bestemmelsane om offentleg påtale medfører at politiet opprettar sak når vi er ute og ser at her er det snakk om familievald. Det er ikkje slik at fornærma treng anmelda saka lenger. Ofte vil dei ikkje det, men no oppretter politiet automatisk sak når vi ser vald over tid, seier han.

Også talet på ungdomsvald på offentleg stad, som til dømes ved Selecten i Knarvik, har auka med 40 prosent.

Formidabel auke
Politiet har som kjent gjennomført to større narkoaksjonar blant dei heilt unge i vår. Det viser igjen på statistikken. Frå 37 narko-saker første halvår i fjor, er talet no 156 (+321,6%).

– Det betyr ikkje at 156 narkomane er tatt. Ein person er dømd for mange saker, og andre får gjerne to saker på seg, bruk og besittelse, seier lensmannen.

– Slik eg ser det, viser aksjonane at vi tar problemet på alvor. Og vi konsentrerer oss om dei yngste og nye brukarar som ligg i beddingen. Dei prøver vi å få på rett kjøl i lag med skular, barnevern og foreldre ikkje minst, seier han.

Må venta på sertifikatet
– Eg hadde nett ein far og avkom inne på kontoret. Ungdomen var klar til å kjøra opp, men er tatt for narko og må venta eit år, seier han. Ikkje alle er klar over at dei får eit års automatisk sperrefrist, og må dokumentera via urinprøver at dei er rusfrie.

Også talet på naskeri frå butikar aukar, frå 7 til 15.

- Desse får anten advarsel frå politiet og må stilla til bekymringssamtale i lag med foreldre, eller dei får bot direkte om dei har fått denne første moglegheita tidlegare, seier Vangberg.

God oppklaring
Det finst og klare lyspunkt i statistikken. Talet på sedeligheits-saker går kraftig ned.

– Dette halvåret har vi registrert 6, mot 20 i fjor, seier lensmannen og legg til at dei har mange slike saker under etterforsking no og at dette er saker som tar tid.

Det vert og begått færre skadeverk, men framfor alt er det talet på oppklarte brotsverk som skiller seg ut i positiv retning.

– Vi har oppklart 61,3% av brotsverka i første halvår. Berre i vinningssaker har vi oppklart 42,4%, nesten halvparten. Det synest vi sjølv er veldig bra, seier lensmannen.

- Vi høyrer ofte at det ikkje er vits i å anmelda, fordi saka berre blir henlagt. Dette syner tvert imot at det nyttar å anmelda. Og dei som begår brotsverk får straffereaksjonar, seier han.

Artikkeltags