Let seg begeistra over nynorsk-satsing

Av

Alver kommune kan ha mykje å læra av Fjell si satsing på nynorsk og dialekt. Både ordførarar, skule- og mållagsfolk let seg begeistra over suksessen med prosjektet «Stolt av eige språk».

DEL

– Me har sagt at me skal skapa ein ny kultur, og då må me passa oss for å gå i den fella å tru at når me vert så store, så er det ikkje lenger mogeleg å gjera noko. Men me kan og skal byggja vidare på det kulturgrunnlaget me har frå før. Og er det nokon som har ressursar til å ta nynorsken og det lokale språket inn i ei ny tid, så må det vel vera Alver! sa Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes under språkmøtet på biblioteket i Knarvik.

Informasjonsleiar i Fjell kommune, Vigleik Brekke, la vekt på at prosjektet var forankra i leiinga for kommunen og at språkpolitikken i Fjell bygde på klare vedtak. Kommunen har ein eigen språkplakat. Brekke la òg vekt på at den tette kontakten med forskarane på UiB hadde gjort det mogeleg for Fjell kommune å søkja og få tildelt 250 000 kroner frå Kulturdepartementet.

– Avgjerande for nynorsken

Brekke sa at bygginga av den nye Øygarden kommune bygde på ein aktiv nynorsk språkpolitikk, der dei har laga ein enkel og forståeleg språkplakat og målbruksplan.

– Øygarden kommune deler gjerne røynslene sine med Alver, sa Brekke, som peika på at Øygarden, Alver og Bjørnefjorden kommunar til saman vil telja 120 000 innbyggjarar i randsona rundt Bergen, og såleis er dei avgjerande for framtida for nynorsken.

Professor Endre Brunstad ved UiB peika på at det er mogeleg å gå inn med tiltak for å stimulera den språklege sjølvkjensla og motivera dei unge til å halda på nynorsken.

– Strileidentitet spelar ei rolle

– Strileidentiteten spelar ei rolle: ungdom som berre nyttar bokmål, definerer seg ikkje som strilar, men det gjer dei som nyttar nynorsk. Det er gjort mykje interessant gransking i andre kommunar rundt Bergen som no lett kan supplerast med undersøkingar i Alver kommune, og det vil vera interessant og nyttig å få til, sa Brunstad.

Etter at Brunstad og prosjektleiar for «Stolt av eige språk», Jorid Saure, hadde presentert Fjell-modellen, var både politikarar og representantar frå skulen i Nordhordland opptekne av at dei kunne dra lærdom av prosjektet i Fjell. Astrid Rongevær frå Utdanningsforbundet ville meir enn gjerne vera med på å få i gang liknande prosjekt i Alver.

– Fjell-prosjektet er ein suksess me både kan læra av og gjenta, sa ho.

Særleg hadde ho tru på å motivera elevane til å skriva gjennom å la dei prøva seg på praktisk relevante oppgåver.

– Me må tenkja at nynorsk er språket til ungdomen. Me jobbar kanskje ikkje tilstrekkeleg med å gjera elevane språkmedvitne, sa Rongevær.

– Viktig å skapa begeistring

– Det er viktig for oss å handla før målbytet kjem så langt som tilfellet er i Fjell, sa Radøy-ordførar Jon Askeland.

Han meiner at dialektkampen langt på veg er vunnen og at nynorsk har sterkare status no enn før.

Meland-ordførar Øyvind H. Oddekalv meinte at ein kritisk fase for elevane er overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen. Han peika på at det alt no vert jobba godt fleire stader.

Dei tre Alver-ordførarane understreka kor viktig det er å skapa begeistring for den kulturen og det språket ein har. Ordførarane i dei tre Alver-kommunane viste også til intensjonsavtalen for Alver kommune der det går fram at språk og identitet er viktig og at administrasjonsmålet for den nye kommunen skal vera nynorsk.

Artikkeltags