A-pressen kjøper Avisa Nordhordland

Artikkelen er over 13 år gammel

A-pressen og eigarane av Avisa Nordhordland har inngått ein avtale som medfører at A-pressen kjøper Avisa Nordhordland under føresetnad av at avtalen blir godkjent i Statens Medietilsyn og Konkurransetilsynet.

DEL

- Dette er både ein stor og vemodig dag for avisa, seier grunnleggjaren Bernt Tungodden. Saman med Sigmund Maraas har han følgd avisa på eigarsida helt sidan etableringa i 1974. Avisa Nordhordland har dei siste åra vore mellom dei mest framgangsrike i landet og er den største lokalavisa i distriktet med 6449 abonnentar.

- Avisa har opplevd ein utruleg vekst, der utviklinga av eit svært godt redaksjonelt produkt har gått hand i hand med opplagsauke og profesjonalisering på marknadssida, seier Tungodden.

- I ein situasjon der avisa har ein svært dyktig stab, stor suksess og god økonomisk styring vurderte vi som eigarar det som eit naturleg tidspunkt å selje på.

A-pressen er involvert i områda avis, trykkeri, tv og elektroniske medier. Konsernet eig i dag 48 lokalaviser over heile landet.

- A-pressen har gjennom ein 5 år lang samarbeidsavtale gjort oss trygg på at dei vil føre vidare våre visjonar for avisa, understrekar Tungodden. - Det er eit konsern med høg kompetanse på lokalmedier generelt og med eit godt blikk for korleis framtida for vår region vil sjå ut.

- Vi har stor tru på dei strategiane som dei tidlegare eigarane av avisa har lagt til grunn, seier konserndirektør i A-pressen John Kvadsheim. - Avisa Nordhordland har i fleire år opplevd ein unik suksess i ein krevjande avismarknad og vår plan er å vidareføre dei visjonane som har lagt til grunn for suksessen.

Artikkeltags