– Å bli like god som før er ikkje nok

- Det er mykje enklare å oppnå eitt godt resultat enn å gjenta ein suksess. Vi startar alltid med målsettinga. Kvar einaste periode, sesong og heilt ned til treningsøkt har sin målsetting, seier Sportssjef i Norges Skiforbund, Åge Skinstad, her saman med konferansier Geir Heljesen.

- Det er mykje enklare å oppnå eitt godt resultat enn å gjenta ein suksess. Vi startar alltid med målsettinga. Kvar einaste periode, sesong og heilt ned til treningsøkt har sin målsetting, seier Sportssjef i Norges Skiforbund, Åge Skinstad, her saman med konferansier Geir Heljesen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

– Vi tør aldri ta ut det siste om vi er redd for å misslukkast. Det skal vera lov å mislukkast av og til, men det er ikkje lov å ikkje prøva, seier sportssjef i Norges Skiforbund, Åge Skinstad.

DEL

Mandag var han førstemann i sporet i ei rekke av gode foredragshaldarar på Knarvikkonferansane framfor ein fullsett sal på Nordhordland folkehøgskule. Temaet var «Korleis skapa vinnarkultur», ei oppskrift som sjefen for verdas beste skilandslag som forventa hadde gode svar på.

– Det er mykje enklare å oppnå eitt godt resultat enn å gjenta ein suksess. Vi startar alltid med målsettinga. Kvar einaste periode, sesong og heilt ned til treningsøkt har sin målsetting, seier Skinstad. Han seier mål langt fram i tid ikkje treng vera så realistiske, og at det er viktig å ha ein draum.

LES OGSÅ: Gir sin gale far æren for suksessen

– Dei konkrete måla må gå på eigen prestasjon, ikkje resultat. På den måten er ein ikkje avhengig av kva konkurrentane presterer for å nå sine eigne mål, seier han. På skilandslaget legg dei stor vekt på å alltid bli betre, å bli like god som før er ikkje nok, seier han.

– Då blir du eigentleg dårlegare, for konkurrentane blir betre. Skinstad trekker fram motbakkedronninga Therese Johaug sine tre målsettingar fram mot VM i Falun neste år som eit eksempel.

– I Falun er skistadion nederst i løypa, ikkje øverst som i Sochi. Første mål for Johaug for å meistra det er å bli betre i lett-terreng, seier han. Mål nummer to for Johaug er å bli betre i spurt, og klara å slå spurt-dronninga Marit Bjørgen.

Må dyrka spesialitetane
– Det tredje målet ho jobbar med er å bli betre i motbakke. Ho er alt verdas beste i motbakkar, men vi må aldri gløyme å trena på det som er vår spisskompetanse, vi kan ikkje risikera å bli dårlegare på det vi er best på, vi må dyrka spesialitetane våre i tillegg til andre mål, seier Skinstad.

LES OGSÅ: Dag Otto Lauritzen: – Pappa, du var meir tilstades når me budde i Belgia enn no

Han legg og stor vekt på at det er viktig å setta seg maks tre mål om gongen, og heller forandra målsettinga etter kvart, i staden for å setta seg for mange mål.

– Grunnen til at vi har tre mål er at om vi har fem mål vert det mindre fokus på dei tre viktigaste, seier han, og legg til at ein må fortella andre om kva mål ein har sett seg.

– Hemmelege mål er frykteleg vanskelege å nå, dei må delast med andre. Då kan ein få den støtten og hjelpa ein treng for å nå måla sine, seier han.

Artikkeltags