Gå til sidens hovedinnhold

83-åring skulle svinge inn på rasteplass. Då smalt det

Artikkelen er over 7 år gammel

No er pensjonisten frå Fyllingsdalen i Bergen skulda for uaktsamt drap på ein 27 år gammal MC-førar.

27-åringen var eitt av 15 ofre for trafikkdøden i Hordaland i 2012. Like mange omkom også i dødsulykker på vegane i fylket i fjor.

I mai må den eldre mannen møta i Nordhordland tingrett og svara for ein tiltale med ei strafferamme på inntil tre års fengsel.

Skulle svinga til venstre

Det skriv BA.no

Den alvorlege ulykka skjedde på E 39 i Dyrkolbotn i Masfjorden ved 14-tida om ettermiddagen 9. juni i 2012.

LES OGSÅ: 27-åring omkom i MC-ulukke

83-åringen køyrde bil på veg sørover og skulle køyre av til venstre like ved ein rasteplass. Han kolliderte med motorsykkelen som kom køyrande i motgåande felt.

Trond Haugland (27) døydde umiddelbart av kollisjonen. Han kom frå Jølster i Sogn og Fjordane, men var busett i Fyllingsdalen i Bergen, noko som tilfeldigvis også 83-åringen er.

Verken den eldre mannen eller kona som var passasjer kom fysisk til skade.

– Braut vikeplikta

Statsadvokaten i Hordaland meiner den eldre bilføraren ikkje var tilstrekkeleg omsynsfull da han køyrde inn til venstre. Han vart ikkje oppmerksam på motorsyklisten i tide og overheldt ikkje vikeplikta, går det fram av tiltalen.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

For å dømmast etter paragrafen om uaktsamt drap krevst det meir enn eit augeblinks manglande merksemd som dei fleste gjør seg skuldig ifrå tid til annan.

Motorsykkelens fart og forholda på staden vil etter alt å dømme bli sentrale tema under den tre dagar lange rettssaka til våren.

Etter det BA får opplyst er han den eldste som er tiltalt for uaktsamt drap i trafikken i Hordaland de siste 20 årene.

Advokat Helge Hansen er oppnemnt som forsvarar for 83-åringen, men han ønsker ikkje å kommentera tiltalen overfor BA før han har hatt samtalar med sin klient.

Lensmann kravde svingeforbod

Like etter dødsulykka gav den lokale lensmannen i Masfjorden uttrykk for at dødsulykka kunne vore unngått.

LES OGSÅ: Her har fjorten mista livet på tolv år

– Mi vurdering er at det ikkje burde vore lov å svinge inn på den rasteplassen. Slik er det jo på mange liknande stader, sa lensmann Ivar Holmaas til BA.

Statens vegvesen hadde ingen planar om utbetringar på ulykkesstaden og meinte det berre ville vere spekulasjonar om eit slikt forbod hadde blitt respektert.

I tiltalevedtaket er det tatt atterhald om å legga ned påstand om erstatning og oppreisning til dei etterlatne samt tap av føraretten for 83-åringen.

LES OGSÅ: Gjert mista dottera i helikopterstyrt