Gå til sidens hovedinnhold

27-åring omkom i MC-ulukke

Artikkelen er over 9 år gammel

MC-sjåføren var frå Jølster.

Politiet har frigitt namnet på MC-sjåføren som mista livet i ei trafikkulukke i Masfjorden søndag.

-Den omkome er 27 år gamle Trond Haugland. Han er frå Vassenden i Jølster, men var busett i Fyllingsdalen, opplyser operasjonsleiar Preben Wallestad ved Hordaland politidistrikt.

MC-føraren kolliderte med ein møtande personbil på E39 like sør for Masfjordtunnelen.

Det vart først meldt at MC-føraren var alvorleg skadd, men han vart seinare erklært død på staden.

Ulukka vart meldt kl.13.55, og det vart rykt ut med alle nødetatar.

Det oppstod køar på begge sider av ulukkesstaden. Vegen vart sperra i knapp time, men køane no i ferd med å løysa seg opp.