– Jauda, fellene fungerar dei. Men førebels er det litt vanskeleg å måla om fangsten har hatt nokon effekt. Hugs på at kvar einaste ho-knott legg mellom 4-500 egg i løpet av sitt relativt korte liv. Utfordringa er å plassera fellene der klekkinga av egga skjer. Men det hadde vore kjekt om det vart meir folk enn knott under opninga av tusenårsstaden i slutten av august, seier prosjektleiar Martine Rød.
17 feller har vore utplassert i to veker og fangsten var mandag kveld kome opp i 2.144.000 knott. Då reknar ein vel 8.000 knott per gram. – Vi har snart nok til å fylla ei god hovudpute med andre ord, smiler Martine.
15 skottar
Prosjektleiinga har kjøpt inn 15 av dei skotske fellene ”Midgeeater”. Dette er også fellene som dei svenske forskarane anbefalte i sin rapport. Fellene slepper ut lukt som liknar utandinga frå menneske og dyr. Knotten blir tiltrekt av lukta og deretter sugd inn i fella. Her hamnar dei i eit finmaska nett og døyr.
– Vi har hatt verdas fremste knottekspert, Alison Blackwell, over frå Skottland for å sjå på tilhøva og montera fellene. Han var imponert over at ein liten kommune som Gulen har sett i gang eit så stort prosjekt, fortel Martine Rød.
To feller frå New Zealand står også ute på tusenårsstaden. Desse går på straum og har også hatt god effekt.
– Engasjementet rundt saka har vore stort. Vi har også ein skotte busett på Kypros som har kontakta meg med sine tredimensjonale vindveggar. Og det er dette engasjementet eg likar. Vi må engasjera oss. No treng vi fagpersonar som har greie på jordsmonn og terreng. Kanskje kunne Flolid blitt ein forskingsstasjon, seier prosjektleiaren til nh.
Skremmer turistar frå Skotland
Dr. Alison Blackwell er truleg den fremste knotteksperten i verda. I heimlandet Skottland er knott-problemet aukande og folk tek no knott-problema meir seriøst enn tidlegare. Research som Balckwell har gjort viser at meir enn halvparten av turistane som besøker Skottland for første gong, gir opp og reiser heim etter møte med den skotske knotten. 86 prosent åtvarar vener om ikkje å reisa til Skottland grunna knotten.