Energitoppar meiner kommunane må få ein større del av vindkraftinntektene

FITJAR: 
Del av Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune.

FITJAR: Del av Midtfjellet vindpark i Fitjar kommune. Foto:

Av
DEL

(Firdaposten): Verdiane som skapast i vindkraft må i større grad førast tilbake til kommunane som huser vindturbinane, meiner Energi Norge og El og IT Forbundet.

– Å lokke lokalsamfunn med skiløyper og flaumlys er ikkje vegen å gå, seier administrerande direktør Knut Kroeplien i interesseorganisasjonen Energi Norge til Bergens Tidende.

Han meiner det er for mange kreative tiltak frå kraftutbyggerne som skal bøte for naturinngrepa. Kommunen bør heller få føreseielege inntekter, meiner Kroeplien.

– Innfør­ing av ein naturressursskatt etter modell frå vannkrafta er ein skikkeleg måte å gjere det på.

Ein nasjonal rammeplan for vindkraftutbygging på land blei i haust skrota av regjeringa. I høyringsrunden til rammeplanen erklærte mange kommunar at dei ikkje ønskjer vindkraftutbygging.

– Det må bli like attraktivt å vere vertskap for vindkraft som å vere vannkraftkommune. Då treng vi eit meir likestilt skatte­regime, seier forbundsleiar Jan Olav Andersen i El og IT Forbundet, som organiserar arbeidstakarar i mellom anna kraftselskapa.

Utbyggarar av vindkraft slepp i dag unna ein del av skattane som vannkraftprodusentane må ut med. Det gjeld mellom anna grunnrenteskatt, natur­ressursskatt, konsesjonsavgift og inntekter frå konsesjonskraft.

(©NTB)

Artikkeltags