Over 4000 framleis utan straum i Nordhordland

Framleis er fleire tusen straumkundar utan straum i Nordhordland og Gulen.

Framleis er fleire tusen straumkundar utan straum i Nordhordland og Gulen. Foto:

BKK sine mannskap jobbar på spreng.

DEL

OPPDATERT: BKK opplyser at feilrettingsarbeid er i gang på alle stader der feil har oppstatt, men at arbeidet er omfattande og vil ta litt tid.

Framleis er fleire tusen straumkundar utan straum i Nordhordland og Gulen.

BKK sin oversikt viser klokka 07.45 at 4189 husstandar framleis ikkje har fått straumen att etter straumbrot i går kveld og natt.

– Vi har mannskap ute i alle våre område, og vi fordelar jobbane ut frå der det er tilgang og materiell og utstyr, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin i BKK Nett.

BKK sine sider finn du oppdatert informasjon om pågåande straumstans.

Mange stader er det er stengte vegar grunna trevelt som hindrar mannskapa i å komme fram og starte feilrettingsarbeidet.

– I tillegg er det er store tre som har velta, mange tre står framleis på vippen til å velte. Grunna mykje lauv på trea er dei utsett for vindfang, fortel ho.

Tryggleiken til mannskapa står i høgsetet.

– Det å bevege seg i ulendt terreng der det ertrevelt medfører risiko. Våre montørar er godt vant til denne typen arbeid, og vi er nøye på at tryggleik kjem i første rekke, seier ho.

– No handlar det om å komme til, slik at vi får starte opprydningsarbeidet. Det bles framleis, spesielt langs kysten, men det er opplett, og heldigvis ikkje snø og is, seier ho.

Tuvin presiserer at folk ikkje må starta oppryddingsarbeid på eiga hand.

– Tre som har lagt seg over straumledningar og i bakken kan forsatt vera straumførande, ikkje begynn å fjerna tre på eigen hånd, er hennar klare oppfordring.

Dersom du ser trevelt over linjene kan du varsla BKK på telefon 55 12 70 00.

Artikkeltags