Jon og Vestland ventar framleis på nye oppgåver

FYLKESORDFØRARAR: Anne Gine Hestetun (t.v.), Jon Askeland og Jenny Følling under markeringa av fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.

FYLKESORDFØRARAR: Anne Gine Hestetun (t.v.), Jon Askeland og Jenny Følling under markeringa av fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Foto:

Regionreforma til regjeringa skal etter planen flytte arbeidsplassar frå Oslo og ut i dei nye fylka. I Vestland fylke ventar dei framleis på nye oppgåver, sjølv om det nye fylket trer i kraft ved nyttår.

DEL

(Firda): Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland meiner regjeringa er på overtid og må setje i gang omfattande overføring av stillingar og oppgåver til det nye fylket.

– Ein kan nesten seie at kontrakten er broten. Vi er utolmodige etter få meir, seier Askeland til Bergens Tidende.

Den største overføringa i heile reforma er frå Statens vegvesen. Frå nyttår vil mellom 250 og 300 tilsette i Statens vegvesen få Vestland fylkeskommune som arbeidsgivar.

Men fylket har frå før ansvaret for å drifte fylkesvegane, så den einaste forskjellen er at dei som gjer jobben, blir tilsette i fylket i staden for Vegvesenet.

Når det gjeld arbeidsplassar, er den nest største overføringa på lista 3,9 stillingar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

– Desse jobbane vert henta frå lokalkontoret til IMDi i Bergen. Ingen arbeidsplass er så langt flytta frå Oslo og til Vestland som følgje av regionreforma, seier Askeland.

Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) er heller ikkje imponert over overføringane fylket har fått, sjølv om ho støttar reforma.

– For at ho skal lukkast, må folk få sjå at reforma fører med seg fordelar. Vestland skal vere ei motvekt mot Oslo, og då må det følgje med oppgåver og midlar, meiner Golis.

Anne Gine Hestetun (Ap), som har vore ein av arkitektane bak samanslåinga, synest også overføringa av oppgåver har vore mislukka og at regjeringa ikkje har gjort jobben sin.

– Det er veldig lite som er overført, og det vi har fått, er så til dei grader underfinansiert, seier ho til avisa.

Artikkeltags