Yr har sendt ut OBS-varsel – kraftig vind på Vestlandet

Artikkelen er over 2 år gammel

Siste rest av sommar er i ferd med å ta slutt. Det blir kraftig vind frå torsdag til laurdag.

DEL

– Det bles allereie godt i fjellet, seier vakthavande meteorolog i Vervarslinga på Vestlandet, Anne Solveig Andersen.

Den sterke vinden kjem frå søraust og kjem først og fremst til uttrykk i fjellet og i spesielt utsette strøk, som ved fjorden.

– Det er veldig lokalt og veldig varierande, seier meteorologen.

Vinden oppstår som ei følge av at høgtrykk frå aust møter eit lågtrykk frå vest.

– Då får vi eit ganske stramt vindfelt frå søraust, forklarar Andersen.

– Er dette prisen å betale for det fine vêret vi har hatt i det siste?

– Hehe, dette er ikkje nokon straff, men no byrjar lågtrykka å komme litt nærare.

Hausten kjem

OBS-varselet markerer nok starten på hausten slik vi kjenner han.

– Vi går nok mot gråare og kaldare tider. Det kjem til å komme vesentleg meir nedbør framover.

Heldigvis er det enno halvannan dag igjen av denne forsinka sommaren. Det er først på laurdag at temperaturen verkeleg går ned og regnet sett inn.

– Vil vinden legge ein dempar på dei siste finvêrsdagane?

– Nei, det trur eg ikkje. Så lenge du tenker over kva du gjer. Om du går på fjellet ville eg tenkt meg om, det same gjeld om du bur i eit område som er spesielt utsett for vind frå søraust, seier Andersen.

For dei fleste vil ikkje vinden vêre spesielt sjenerande, og det vil vere fullt mogleg å nytte den siste finvêrsdagen, fredag.

På kveldstid fredag vil det byrje å skye over, og på laurdag er hausten etter alt å dømme eit faktum.

Artikkeltags