Tysdag blir det full storm

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå, om kraftige vindkast på Vestlandet tirsdag.

Det er sendt ut farevarsel på gult nivå, om kraftige vindkast på Vestlandet tirsdag. Foto:

Tysdag formiddag blir det stiv kuling på kysten og opphaldsvêr. – Men det er berre stille før stormen, åtvarar statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

DEL

(BA): Det er berre til å skalke lukene. Det er sendt ut farevarsel på gult nivå, om kraftige vindkast.

Natt til tysdag kan gradestokken krype ned mot null, avhengig av vind – og skydekke. Utover dagen stigar temperaturen.

– Tysdagen startar med søraustleg bris tidleg på dagen. På formiddagen aukar vinden til søraustleg stiv kuling på kysten, seier Kristen Gislefoss ved Meteorologisk institutt i Oslo.

Full storm på kysten

Han fortel at det først på dagen blir opphaldsvêr, men at det berre er stille før stormen.

– På ettermiddagen blir det sørleg, til dels full storm på kysten, åtvarar han.

Då blir det også regn. Nedbøren vil komme som sludd og snø i indre og høgareliggande område.

– Det kan nok bli ein del regn. Det blir lett 50–60 millimeter, det er litt vanskeleg å si. Det startar på ettermiddagen og varer utover natta og eventuelt onsdagen, seier Gislefoss.

Snøgrensa vil i løpet av kvelden ligge på mellom 400 til 600 meter.

– Kor lenge skal den kraftige vinden halde på?

– Den ser ut til å stå på tysdag, og det kan nok vere at den held seg til frampå natta. Så dabbar det av. Det blir nok periodevis med vind på Vestlandet også onsdag og torsdag, men den blir ikkje like sterk som tysdag.

Opphaldsvêr før nytt regn

Onsdag og torsdag blir, ifølge prognosane, prega av regn. Fredag og laurdag er det meldt opphaldsvêr.

– Temperaturen kan bikke under nullstreken desse dagane, men stigar igjen i løpet av søndag ettermiddag eller kveld. Då kjem det inn ny nedbør, seier Gislefoss, og legg til:

– Nedbøren kan kanskje begynne som sludd enkelte stader, men går raskt over til regn.

Artikkeltags