Varslar kraftig vind og vanskelege køyretilhøve

Frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag er det venta sør og søraust liten til full storm 25 m/s på kysten og i fjellet.

Frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag er det venta sør og søraust liten til full storm 25 m/s på kysten og i fjellet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Yr.no går ut med obs-varsel for vestlandet sør for Stad.

DEL

Frå onsdag ettermiddag til torsdag ettermiddag er det venta sør og søraust liten til full storm 25 m/s på kysten og i fjellet.

– Lokalt i utsette fjordar og dalar kan vi få sterke vindkast, opp mot 25-35 m/s, melder nettstaden.

Sterke vindkast

– Det kan vera farleg å ferdast i fjellet. Sterke vindkast kan føre til lokale straumbrot, og tre som har blåst over ende kan ligge i vegbana, åtvarar dei. 

Lause gjenstandar som trampolinar og hagemøblar kan blåsa avgarde.

– Vær forsiktig når du ferdast utandørs, er oppfordringa frå meteorologane.

Vanskelege køyretilhøve

Vinden skal etter varselet minke torsdag ettermiddag.

Frå seint onsdag ettermiddag er det venta lokalt vanskelege køyretilhøve grunna sterk vind, snø og snøfokk.

Artikkeltags