No kan du sjekke luftkvaliteten på Yr

Luftforureining er eit problem på vinteren, og større byar set inn forskjellige tiltak for å senke trafikken dei dagane dårleg luftkvalitet er varsla.

Luftforureining er eit problem på vinteren, og større byar set inn forskjellige tiltak for å senke trafikken dei dagane dårleg luftkvalitet er varsla. Foto:

Av

Vêrvarslingstenesta Yr utvidar tilbodet og inkluderer luftkvalitet i varsla.

DEL

Det er forskarar ved Meteorologisk institutt som har utvikla varslingsmodellen, som viser den lokale luftforureininga i notid og 24 timar framover.

– Modellen kombinerer vêrvarselet og utslepp for å berekne luftkvaliteten. Slik kan vi dekke heile Noreg, ned til eit så lite område som 50 meter, seier seniorforskar Bruce Rolstad Denby ved Meteorologisk institutt.

Luftforureining er eit problem på vinteren, og det er særleg svevestøv og nitrogendioksid som forureinar lokalt.

Varselet er utvikla med tanke på sårbare grupper som eldre, gravide, barn og dei med astma og luftvegsplager.

Tenesta er i første omgang tilgjengeleg på nett, opplyser Meteorologisk institutt.

Artikkeltags