Slik vert Utkantvêret: – Ein må pakka både bikini og paraply

Det ser ut til at vêret stort kjem til å verta heilt perfekt for Utkant-deltakarane, sett bort frå nokre timer med regn den eine dagen.

Det ser ut til at vêret stort kjem til å verta heilt perfekt for Utkant-deltakarane, sett bort frå nokre timer med regn den eine dagen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Stort sett vert vêret magisk, med innslag av ein kraftig regnskyll.

DEL

Torsdag denne veka brakar det laus med årets Utkant-festival i Skjerjehamn, og det er alltid like spanande kva slags vêr det vert.

Meteorolog på Meteorologisk institutt, Mette Skjerdal kan melda om stort sett fantastisk vêr.

– Torsdagen kan starte med litt tåke, men når den forsvinn vert det lett skydekke og flott vêr. Temperaturen kjem òg til å stiga ut over dagen. På det varmaste kan det verta 20 grader, seier Skjerdal til Avisa Nordhordland.

Enda høgare temperatur

Også for fredagen har meteorologen svært gode nyheiter.

– Fredag vert det fint vêr med lite skyer, sol og endå høgare temperaturar.

Slår det til slik Skjerdal lover vert det rundt 30 grader i indre strøk, men noko lågare temperaturar ytre strøk.

– Skjerjehamn er i ytre strøk, og der vil det verta opp mot 25 grader, seier ho.

– Vert det tropenatt?

– Eg vil ikkje lova noko, og eg trur nok temperaturen vil falle til under 20 grader på natta – men det vil ikkje verta langt unna tropenatt.

Kraftig bye

Laurdag, og siste festivaldag, er jokeren; denne dagen ser ut til å starte bra, men vil truleg avslutta fuktig.

– Starten av dagar ser strålande ut, men høge temperaturar, men i løpet av dagen kjem det inn ein front, fortel meteorologen til Avisa Nordhordland.

Skjerdal kan ikkje si heilt eksakt når denne fronten kjem inn.

– Regnet kjem ein gong på kvelden, eller natt til søndag – og då er det venta å kom 10 mm fordelt på om lag seks timar.

– 10 mm vil merkast, så det kan vera lurt å ta med regnklede, seier Skjerdal.

Bra igjen søndag

Det ser ut til at fronten vil passera fort. Allereie søndag morgon er vêret betre.

– Då vil det koma sol igjen.

Kort samanfatta ser det ut til at vêret stort kjem til å verta heilt perfekt for Utkant-deltakarane (og for resten av Nordhordland), sett bort frå nokre timar med regn laurdag kveld/natt.

Artikkeltags