No stig temperaturen

Prognosene viser varmere vær utover uken.

Prognosene viser varmere vær utover uken. Foto:

No kjem ein liten, og litt varmare, gladmelding frå meteorologen.

DEL

BA: I førre veke vakna Arne Holt på Kvamskogen opp til snøkledde fjelltoppar, og sist fredag var det venta å bli like kaldt som gjennomsnittet i november – med berre sju grader.

Laurdag strålte sola, men dagen etter regnet det igjen over bergens- og nordhordlandsområdet.

No har vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Haldis Berge, ei gladmelding til innbyggjarane:

– Det ser ganske bra ut gjennom heile veka! seier ho.

Melder over 20 grader

Dagane vil mest sannsynleg starte med låge tåkeskyar, men utover dagen vil det sprekke opp og solen vil – dersom ein skal tru prognosane – titte fram.

– Gradvis gjennom veka, vil temperaturane stige. Mot slutten av veka vil vi nok sjå 20-talet, seier Berge.

Men før vi ser det «O' store 20-talet», vil temperaturane liggje på 18–19 grader.

– Og vi går heilt klar av nedbøren. Men litt innover i fylket vil det nok komme nokre ettermiddagsbyer, seier meteorologen.

Så blir det litt kjøligare – igjen

Men i helga snur det litt igjen, etter nokre dagar med stigande temperaturar.

– Det vil nok ikkje gå mykje ned, men temperaturane vil falle noko, fortel Berge.

Om dette skjer laurdag eller søndag, er foreløpig noko usikkert.

– Går vi inn i ein lys periode no, som varar litt lenger enn berre denne veka?

– Det ser i kvart fall bra ut denne veka, med stigande temperaturar. Så får vi sjå!

Sjøtemperaturen på Helleneset vart måndag målt til 14,6 grader og på Kyrkjetangen er den målt til 15,9 grader.

Nå oppdateres badetemperaturen

Artikkeltags