Våren er endeleg her: – No kjem det sol og varme

Endeleg kan gåsungane strekka seg mot tindrande blå himmel. Meteorologen lovar 18 grader i dag, torsdag.

Endeleg kan gåsungane strekka seg mot tindrande blå himmel. Meteorologen lovar 18 grader i dag, torsdag. Foto:

Lovar sol frå tindrande blå himmel

DEL

BA: – Om ikkje så lenge vil det tynne skylaget bli borte og sola fylle ein tindrande blå himmel, lovar meteorologen.

Og med sola aukar også temperaturen. På Twitter spekulerer Meteorologisk institutt på om Vestlandet får 20 grader i dag. Men meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga for Vestlandet kan ikkje love sommartemperaturar heilt enno.

– Eg kan love ein temperatur på 18 grader, men ikkje 20, seier han til BA.

Det er varmluft i høgda som ein austavind vil trekke ned på bakkenivå som er årsaka til at våren endeleg er kommen til Nordhordland. I kombinasjon med sol gir det ein heit dag. For ikkje å snakke om helg.

– Ja, dagane framover blir strålande. Dei som ikkje kan nyte dagen til fulle i dag, får ein ny sjanse i morgon, då blir det opptil 17 grader. Laurdag og søndag vil det også bli temperaturar opp til 16 grader. Finvêret er ikkje berre eit glimt, seier Fagerlid.

Neste veke er det også meldt finvêr, men med lågare temperaturar.

– Det blir fint i lang tid framover, men april er ein lunefull månad. Ein dag kan det vera snø, den neste kan vera sommarleg. Men langsiktig går det riktig veg oppover.

Artikkeltags