Meteorologisk institutt: – Kan verta fleire dagar med regn framover

Tysdag ser ut til å verta den våtaste dagen. – Då ser det ut til å koma 5–10 ml regn, noko som er ein del.

Tysdag ser ut til å verta den våtaste dagen. – Då ser det ut til å koma 5–10 ml regn, noko som er ein del. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det ser ut til å verta litt variert vêr den neste veka.

DEL

Etter ei lang periode med fint vêr, med unntak av nokre torevêr, ser det no ut til at det kan verta litt meir varierande framover – med innslag av regn.

Allereie laurdag kan det koma nokre regndropar.

– Det er utrygt for skyer, og Nordhordland kan også få nokre regndropar. Men viss det kjem nedbør, er det snakk om fint lite, seier meteorolog Frode Hassel, på Meteorologisk institutt. 

Regn seint på søndag

Søndag er sjansen for regn betydeleg større. I alle fall mot ettermiddagen.

– Det ser ut til å verta stort sett opphald på dagtid, men når det nærmar seg kveld kan det koma regn. Det er heller ikkje då snakk om mykje, men litt i ytre strøk må ein berekna, seier Hassel til Avisa Nordhordland. 

Måndag vert best og tysdag verst

Har ein planar om å mala huset eller gjera andre aktivitetar som krev opphaldsvêr, bør ein gjera det måndag.

– Måndag ser ut til å verta den neste dagen, med lite eller ingen nedbør, seier meteorologen.

Tysdag ser ut til å verta den våtaste dagen.

– Då ser det ut til å koma 5–10 ml regn, noko som er ein del.

 

Ikkje kaldt

Onsdag vert det ifølge meteorologen tørt att.

– Det kan koma litt nedbør, men det ser ut til å verta lite i så fall, seier Hassel.

– Dei fleste vil si det er kjipt med regn, men du har god nyheiter for bøndene i det minste?

– Ja, håper eg ikkje lager falske forhåpningar før bøndene no, men det kjem i alle fall noko, og kvar drope tel, seier meteorologen..

Til trass for skyer og regn, vil temperaturane halde seg på mellom 17 til 20 grader, skal vi tru Meteorologisk institutt.


Artikkeltags