Lurer du på om snøen blir liggjande? Dette seier metorologen

Snøen kan verta liggjande ut i neste veke

Snøen kan verta liggjande ut i neste veke Foto:

Og i starten neste veke vert det kuling.

DEL

Dei siste dagane har vore kulde, og natt til fredag kom det fleire stader i Nordhordland nokre centimeter med snø.

Det store spørsmålet er om snøen vert liggjande ut over helga og inn i neste veke, eller om den forsvinn like fort som den kom.

Det kan ikkje meteorologen svara heilt sikkert på, men ho trur snøen trulig ligg til onsdag neste veke - minst.

Byger på laurdag

– Fredag vil det komme nokre centimeter med snø før bygene minkar ut over kvelden. På ettermiddagen vert det ein liten kuling, fortel Haldis Berge, meteorolog ved Meteorologisk institutt til Avisa Nordhordland.

Laurdag ser det ut til å komme nokre få byger.

– Dei fleste stader er det snakk om snø og sludd. I indre strøk vil temperaturen liggje på 0 til 2 grader, men på kysten kan det verta 4-5 plussgrader, og nokre av bygene kan difor komme som regn, seier meteorologen til Avisa Nordhordland.

Det er uansett snakk om svært få byger på laurdag, så ho trur ikkje snøen kjem til å forsvinne, sjølv om det kan komme litt regn på kysten.

– Laurdag kan det til og med verta litt sol mellom bygene.

Meir nedbør søndag

Søndag morgon ser ut til å starte med opphaldsvêr og sol, før det skyer til på føremiddagen. På ettermiddagen vert det truleg sludd eller snø.

På kysten vil det verta mildare og nedbør i form av regn, før det natt til måndag frys på og byrjer å snø.

– Eg trur ikkje den korte perioden med regn søndag, vil skylle vekk snøen som har lagt seg, seier meteorolog.

Betre ut over veka

Måndag og tysdag ser det førebels ut til å verta opphaldsvêr.

– Det kjem til å verta ein liten kuling både mandag og tysdag , men onsdagen ser det ut til å stilne, seier Berge.

Prognosane fortel førebels at onsdag neste veke vert ein flott dag.

– Då har vinden roa seg og det vert truleg opphaldsvêr og moglegheiter for sol.

Alle i Nordhordland; finn fram ski og akebrett, kanskje dette vert årets vinterdager?

Artikkeltags