Sambandet Fedje-Sævrøy innstilt: Mogleg avgang i ettermiddag

DEL

Ferjesambandet Fedje-Sævrøy vart klokka 10.00 tysdag morgon innstilt grunna vêrforholda.

Klokka 13.47 melde Norled at det leggjast opp til at ferja Fedjefjord skal ha avgang frå Fedje kl. 14:40.

– Sambandet kan verta stengt igjen seinare i kveld avhengig av vêrsituasjonen, skriv Norled sin driftsvakt.

– Det vurderast fortløpande og gjerast lokale vurderingar om vêret er trygt nok til at ferja kan gå, seier Inge Andre Utåker, regionsjef i Norled til Avisa Nordhordland.

Klokka 16.48 kom det melding om at sambandet Fedje-Sævrøy er innstilt.

–Vi vil prøve å starte opp igjen til avgang kl. 19:55 frå Fedje, seier driftsvakta til Norled

Artikkeltags