– Totalforbodet mot open eld er no utvida til også å gjelda forbod mot skyting på skytebaner, seier brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen i ei pressemelding.
Forbodet gjeld også all skyting utanfor godkjente skytebaner.
– Det fine været den siste tida har ført til at det er svært tørt i regionen vår. Den store brannfaren gjer at vi også innfører forbodet mot skyting på skytebaner, heiter det i meldinga.
Les også
Vatningsforbod i Meland, Lindås og Austrheim
Forbodet kjem i tillegg til tidligare totalforbod mot å gjera opp eld utandørs.
– Forbodet gjeld frå og med i dag, 30. mai, og til me har hatt nedbør av betyding. Brann- og redningssjefane vil kunngjere når forbodet er oppheva.

Les også
Totalforbod mot å gjera opp eld