Steinras stenger veg i Guddal

STEIN OG SKOG: Ein god del stein og heile tre har rasa ned og stenger nordsidevegen i Guddal.

STEIN OG SKOG: Ein god del stein og heile tre har rasa ned og stenger nordsidevegen i Guddal. Foto:

Eit stein- og jordras stenger nordsidevegen i Guddal.

DEL

(Firda): – Oi, dette er eit stort ras. Det stenger heile vegen, seier Sverre-Benjamin Gallefoss på rasstaden klokka åtte torsdag morgon.

Gallefoss brøyter på vegen som går på nordsida av Guddalen mellom Flekke og Vadheim.

Han fekk melding frå ein bilist som heldt på å køyre inn i raset like før klokka halv sju.

– Raset har gått i området mellom Porsemyrvegen og Bjordalskrysset, seier Gallefoss.

Dei som brukar nordsidevegen, må køyre fylkesveg 93 på sørsida gjennom dalen.

Det er no sett opp varsel på begge sider av rasstaden, og det vert gjort nye vurderingar når det lysnar, får Firda opplyst hjå teknisk vakt i Fjaler kommune.

Fjaler kommune melder torsdag føremiddag at det vert rydda på rasstaden. Klokka 12 vert det gjort ei vurdering av om opning av vegen.

Artikkeltags