Hent badetøyet - no kjem sommaren!

Kanskje vert det bading denne veka?

Kanskje vert det bading denne veka? Foto:

Viss du berre held ut litt nedbør i helga, lover meteorologen sol, opphald og sommarlege temperaturar neste veke.

DEL

(BA): Veka vert kanskje ikkje så våt som meteorologane melde tidleg denne veka, for onsdag og torsdag baud både på sol og blå himmel.

Temperaturane derimot, har ikkje vore mykje å skryte av så langt i juli. Men no byggjer det seg opp to høgtrykksrygger som gjev oss stigande temperaturar, sol og opphald.

– Ein høgtrykksrygg over Azorene, og ein over Grønland slår seg saman til eit høgtrygg som ligg i Norskehavet. Det gjev sol over heile landet neste veke. Det vert varmast midt i neste veke på Austlandet, kor det kan verte rundt 25 grader, seier meteorolog ved Storm Geo, Lillian Bergheim til BA.


– Fint i solveggen

Fredag er det fint fram til det skyer til utover ettermiddagen og kvelden. Temperaturane i løpet av helga kan kome opp i rundt 16 grader.

– Det vil verte skya vêr og kome nokre regnbyer på laurdag. Skydekket sprekk opp laurdag kveld. Søndag, måndag og utover neste veke ser veldig lovande ut, seier Bergheim.

Og med det meiner meteorologen mindre nordavind frå tysdag, stigande temperaturar og opphaldsvêr.

– Frå tysdag og fram mot helga kan det kome til å verte rundt 20 grader. Inn mot neste helg byrjar prognosane å verte litt meir usikre, men det er framleis eit høgtrykk som dekker det meste av Noreg. Det kan kome inn eit lite lågtrykk frå vest og sørvest som kan gje regnbyer neste helg, men detaljane er usikre, fortel Bergheim.

– Det vert rett og slett tørt og fint i solveggen, legg ho til.

Juli så langt

Som du kanskje har lagt merke til, har julivêret vore ganske sørgeleg. Her er dei harde faktum:

Makstemperatur vart målt 4. juli klokka 1500. Då vert det mål 16,6 grader på Florida i Bergen.

Kaldast var det klokka fire natt til 2. juli. Då var det fattige 7,4 grader same stad.

Det har regnt alle månaden sine fire første dagar, totalt 55,8 millimeter, kor månaden første dag var våtast med 24,2 millimeter.




Artikkeltags