Stadig fleire ungdom ber om pengar gjennom sosiale medium: – Heilt vanleg å gje bort pengar for å bli meir populær

Stadig fleire ungdom tyr til sosiale medium som Snapchat for å be om pengar. No åtvarar helsesjukepleiar mot trenden.

DEL

– Omfanget er stort, mykje større enn vi trur. Dei ber om pengar til ting dei ønskjer seg, sel shoutouts og kleda sine. Foreldra anar ikkje ein skit, seier Pernille Brattaule, avdelingsleiar for helsesjukepleiarane i Laksevåg og Fyllingsdalen bydelar i Bergen kommune til NRK.

Ifølge NRK skal blant anna ei ungdomsskulejente ha bedt om pengar på Snapchat til ein ny Apple-TV. I løpet av to timar fekk ho 2500 kroner. Vidare skriv dei at populære elevar på ungdomsskule i Bergen selde shoutouts til fem kroner per stk.

– Det er heilt vanleg å gje bort pengar for å bli meir populær, seier Brattaule til NRK.

Dette er ein «shoutout»

Shoutout er eit omgrep ein bruker i fleire sosiale medium. Om ein gjer ein shoutout på eksempel Instagram, taggar ein person som får shoutout og ber gjerne andre om å følge vedkomande.

Fleire barn og ungdom betalar no for å få shoutouts som kan gje fleire følgarar, noko som for mange betyr høgare sosial status.

Ho seier at foreldra ikkje må kjenne seg trygg til trass for at dei følger barna på sosiale medium. Ho oppmodar foreldra om å følge med på nettbanken.

– Oppdagar du at det går ut eller kjem inn mykje pengar utan nokon god forklaring, så snakk med dei. Ta dei med på biltur, det er ofte dei beste samtalane. Då slepp dei sjå deg i augo, seier ho til NRK.

Artikkeltags