Adrian (21) frå Hillesvåg er med i årets sesong av Farmen Kjendis: – Eg har jo vakse opp med alt dette. Så då de ringde meg var eg ikkje i tvil

TV 2 har atter ein gong samla ein rekke kjente fjes på ein gard, kor der kjemper den såkalla kampen for tilværet.

DEL

BA: Innspelinga av den fjerde sesongen av Farmen Kjendis starta fredag på Gjedtjernet gard, som ligg ved Finnskogen i Grue kommune utanfor Kirkenær.

På TV-skjermen vil 21 år gamle Adrian Sellevoll frå Hillesvåg bli å sjå neste år.

Han er kjent frå TV-programmet «Ex on the beach» i 2018. Han er også musikar og modell, og har mellom anna gått catwalk for merker som Armani.

– Eg har jo vakse opp med alt dette. Så då de ringde meg var eg ikkje i tvil, eg har alltid synest at Farmen er jævlig kult, seier han til TV 2.

Saka held fram under bildet.

Også tidlegare stortingsrepresentant Per Sandberg (59), frilansjournalist og forfattar Mímir Kristjánsson (32), TV-profil Gunilla Persson (60), artist Anita Hegerland (58), kunstnar Erik Alfred Tesaker (39), programleiar Triana Iglesias (37), forretningsmann Tommy Sharif (43), influensar Hanna Martine (20), bloggar Stina Marie Bakken (26), artist Vidar Villa (29) og skøyteløpar Hege Bøkko (27).

Sistnemnde er saman med Bergens store son og skøyteløpar, Håvard Holmefjord Lorentzen.

Programmet blir sendt på TV 2 på nyåret 2020. Innspelinga strekk seg over fem veker.

Ny programleiar

Tidlegare Farmen Kjendis-programleiar Gaute Grøtta Grav er bytta ut med tidlegare landslagsutøver i Freestyle og vinnar av Farmen Kjendis 2019, Tiril Sjåstad Christiansen (24).

– Eg har store forventningar og gleder meg veldig mykje. Det er noko helt nytt. Eg har berre vore programleiar éin gang før, og det var live, men eg er glad i nye utfordringar. Dette passar meg bra, seier ho i ei pressemelding.

Artikkeltags