Adrian Sellevoll dukka opp med kjæreste på raud løpar

Adrian Sellevoll og Amalie Olsen er kjærestar.

Adrian Sellevoll og Amalie Olsen er kjærestar. Foto:

Av

Hjelmåsingen har blitt kjæreste med Amalie Olsen.

DEL

(Nettavisen): Tidlegare Ex On the Beach-deltakar Adrian Sellevoll (21) frå Hjelmås i Lindås dukka opp på raud løpar med ny kjæreste under P3 Gull laurdag kveld.

Kjæresten er Youtube-stjerna Amalie Olsen, og paret har vore kjærestar sidan oktober.

– Det er kjæresten min, ja, stadfestar Sellevoll overfor Nettavisen.

Ho er ufatteleg snill

Paret møttest etter Skal vi danse, der Sellevoll rauk ut etter fjerde episode.

– Ho er digg, smiler Sellevoll, og held fram:

– Ho er ufatteleg snill og eg likar godt å vere saman med ho. Ho er heilt nydeleg.

Olsen seier ho fall for Sellevoll fordi han er litt «bad boy».

– Men så er han jo kjempesnill. Han berre tøffar seg på utsida, smiler Olsen.

Bestemte antrekket

Det var Sellevoll som hadde bestemt kva dama skulle ha på seg på deira første raud løpar-opptreden.

– Ho ville eigentleg gå med ein svart blaser og ei bukse i svart skinn, men eg ba ho droppe det. Dette var mykje betre, meiner Sellevoll.

Nordhordlendingen er kjent frå realityserien Ex on the Beach, og var i år med i Skal vi danse, der han altså rauk ut etter episode fire, men meinte sjølv det var relativt fortent.

– Eg har ikkje vore så flink til å trene, så det går fint. Det er andre som fortener denne plassen meir enn meg, uttalte han frå parketten.

Olsen oppretta sin Youtube-profil i 2014, og har no over 160.000 følgjarar.

Artikkeltags