Trafikkulykke mellom personbil og brøytebil på E39 – førar køyrd til Haukeland

DEL

Klokka 18 torsdag kveld melde politiet om ein trafikkulykke på E39, Vetleurdal mellom personbil og brøytebil.

– Fører av personbil har eitt kutt i hovudet, skreiv Vest Politidistrikt i ein Twittermelding like etter hendinga.

Vegtrafikksentralen melder at det er redusert framkommelighet mellom Knarvik og Oppedal på grunn av ei trafikkulykka, ved litle Urdaltunnelen.

Det var ei personbil og ei brøytebil som var involvert i ulykka.

Kom seg ut av bilen

I Twittermeldinga frå politiet går det fram at føraren av personbilen er bevisst, og har kome seg ut av bilen.

Føraren av brøytebilen skal framstå uskadd.

Det er manuell dirigering på staden.

110-sentralen melder på Twitter om at det er glatt på staden.

Køyrd til Haukeland

Føraren av personbilen vert undersøkt av helse, ingen mistanke om køyring i påverka tilstand, politipatrulje dirigerer trafikken.

Brøytebil skal ha stoppa opp for eit møtande vogntog, personbil har køyrd i bakenden på brøytebilen.

Fører av personbil er køyrd i ambulanse til Haukeland sjukehus med ukjent skadeomfang.

Vest politidistrikt la ut følgande melding klokka 19.34: "E39, Vetleurdal: Skadestedet er ryddet, veien er åpen."

Artikkeltags